Fagdag geriatri
Tema: Korleis tilpasse helsetenestene til eldre i tråd med tilgjengeleg kunnskap og teknologi?
Fagdagen er eit årleg arrangement i samarbeid mellom kommunane på søre Sunnmøre, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda. Målgruppa er helsepersonell i kommunane og ved sjukehuset i Volda, studentar og tilsette ved Høgskulen og andre som er interesserte i temaet.
På årets fagdag har vi valt å sette søkelys på forventingane til kva tenester vi som innbyggjarar ynskjer oss og korleis primær- og spesialisthelsetenesta kan samarbeide, organisere og nytte kompetanse og teknologi for å kunne ta imot helsetenester av høg kvalitet.
Kan KI vere eit nyttig verkty ? Organiserer vi hjelpeapparatet slik at ressursane vert nytta på beste måte når hjelpa trengst ? Har vi rett kompetanse eller spesialisert oss vekk frå individet? Greier vi å ta i bruk ny kunnskap som kan kompensere for auken i tal eldre?
Dette og mange andre spørsmål vil bli sett søkelys på.
Program
0830 | Registrering |
0900 | Opning av dagen v/Stian Edresen |
0910 | Møte med geriatrien – forventningar og moglegheiter - Kommunedirektør Sande kommune, Renathe Rossi Aglen - Klinikksjef Volda sjukehus, Øyvind Nytun - Brukarrepresentant og tidlegare ordførar i Ørsta kommune, Stein Aam |
1000 | Korleis organisere og planlegge gode/treffande tenestetilbod? - Eksempel frå Giske kommune, Lene Overå Bjørlo - Frå kontroll på friske kronikarar til «time på dagen» for dei som treng, Unni Arnestad m.fl. frå sjukehuset i Volda |
1040 | Beinstrekk |
1100 | Livet med kronisk sjukdom - Tilbodet ved Vardesenteret i Ålesund (innleiar ikkje bestemt) |
1145 | LUNCH |
1230 | Har vi rett kompetanse i møte med geriatrien? - Avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS-kompetanse) (innleiar ikkje bestemt) - Generalist- eller spesialistkompetanse. Kven gjer kva og kva treng vi? (innleiar ikkje bestemt) |
1315 | Beinstrekk |
1330 | Kan kunstig intelligens brukast i helsetenestene? - Kva er KI og kva kan dette brukast til? v/rådgjevar Sindre Sandbakk, Høgskulen i Volda |
1400 | Eksempel på bruk av kunstig intelligens - Røntgendiagnostikk v/Kristian Kolnes - Journalføring etter konsultasjon hos lege v/fastlege Bent Ingebrigtsen |
1445 | Oppsummering og avslutning |
1500 | Vel heim |
Frist for påmelding: 4. mars 2025 klokka 23:59
Pris: 400,-
Tilsette frå kommunane melder seg på via LetsReg.no.
Tilsette i Helse Møre og Romsdal melder seg på via Læringsportalen.
Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda melder seg på ved å sende mail til Bjørn Gunnar Tafjord