Fagdag: Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen
Å snakke om nynorsk litteratur i ein internasjonal samanheng er meir aktuelt enn nokon gong før, etter at Jon Fosse vart tildelt nobelprisen i litteratur i 2023.
Korleis enda vi opp med at litteratur på mindretalsspråket nynorsk vinn internasjonale prisar? Kva skal til for at verdslitteratur vert omsett til mindretalsspråk som nynorsk? Og kvar går vegen vidare? Med desse spørsmåla ønskjer vi å få betre innsikt i samanhengen mellom omsetjing og statusen til det nynorske skriftspråket.
Fagdagen er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda i samband med Festspela 2024.
- Du kan også følgje fagdagen digitalt via videostrøyming: https://www.youtube.com/live/skBoSuXTvSI
Programmet for torsdag 6. juni kl. 11.30–16.00:
- 11.30: Registrering.
- 11.45: Velkomst og velkomsttalar.
- 12.00: Nynorsk litteratur i verda der ute.
Margit Walsø, direktør ved NORLA, Senter for norsk litteratur i utlandet - 12.30: Lunsj.
- 13.30: Jon Fosse sine omsetjingar av Ibsen til nynorsk.
John David Crosby, redaktør i tidsskriftet Mellom - 14.15: «Ein målmann dristar seg ut» – Aasmund Olavsson Vinje i verda.
Guy Puzey, førsteamanuensis ved Universitetet i Edinburgh [deltek digitalt] - 14.45: Kort pause.
- 15.00: Pioneren Henrik Rytter som omsetjar av verdslitteratur til nynorsk.
Sindre Hovdenakk, litteraturkritikar - 15.30: Jane Austen som døme på omsetjing av verdslitteratur i nynorsk skriftkultur.
Marie Nedregotten Sørbø, professor ved Høgskulen i Volda - 16.00: Avslutning.