Felles fagdag om ADHD, kroppsleg uro og merksemdsvanskar hos barn og unge

Problemstillingane kroppsleg uro og merksemdsvanskar er vanlege årsaker for tilvising til BUP. 

Merksemdsvanskar og uro kan vere normale reaksjonar på forhold rundt barn og ungdom, men kan òg vere teikn på ADHD. Vanskar med konsentrasjon og uro kan påverke utvikling og læring. Difor er det viktig å sette inn tiltak tidleg!
Har vi oppdatert kunnskap og felles forståing av desse utfordringane?

Korleis samhandlar vi slik at barna får rett hjelp på rett stad til rett tid?


PROGRAM
08.30–09.00: Registrering.

I ) Oppbygging av BUP og Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal. 
09.00–09.20: BUP i Møre og Romsdal v/Jenny Raftevold Lyngstad, avdelingssjef for avd. psykisk helsevern barn og unge HMR HF.

09.20–09.40: Barn og unge si helseteneste v/Torill Kvisvik, prosjektleiar for Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal.  

09.40–09.50: Pause.

II)  Kva er ADHD?
09.50–12.00: ADHD v/Ann Christin Andersen, spesialist i barne- og ungdomspsykiatri og førsteamanuensis ved NTNU.

12.00–12.45: Lunsj.

III) Kroppsleg uro og merksemdsvanskar sett frå skule- og PPT-perspektiv.
12.45–13.05: Konsentrasjonsvanskar sett frå PPT sin ståstad v/Eli Rekdal ved PPT i Sande kommune. 
13.05–13.50: Konsentrasjonsvanskar hjå elevar i skulen v/Anne Randi Fagerlid Festøy, førsteamanuensis i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda.

13.50–14.05: Pause.

IV) Korleis sikre at barn og unge får rett hjelp på rett sted til rett tid? 
14.05–14.30: Dialogbasert inntak på BUP Volda v/Kari Standal, psykologspesialist og seksjonsleiar BUP Volda.
14.30–15.00: Drøfting: Kven skal ha oppfølging i kommunen, og kven skal tilvise dei rette pasientane til BUP?

Kurset vert søkt godkjent for psykologar og legar.

Påmelding (frist 23. oktober)

Tilsette frå kommunane melder seg på via LetsReg.com.
Tilsette i Helse Møre og Romsdal melder seg på via Læringsportalen.
Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda melder seg på ved å sende e-post til Bjørn Gunnar Tafjord.

Målgruppe: Helsestasjonar, legekontor, PPT, kommunal psykiatriteneste, barnevern, flyktningteneste, tilsette ved Høgskulen i Volda og BUP og andre som arbeider med tiltak knytte til barn og unge.

Arrangør: BUP Volda, barn- og unges helseteneste, sjustjernekommunane og Høgskulen i Volda.

Deltakaravgift: 450 kroner.

Påmeldingsfrist: 23. oktober.

 

 


 

Del på: