Festspela: Fagdag om litteratur som oppleving – samspel i og om litteratur
Årets fagdag under Festspela handlar om litteratur som oppleving. Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret og Høgskulen i Volda inviterer til ein heil dag med litterære føredrag og opplevingar torsdag 12. juni 2025 på høgskulen. Fagdagen er gratis og open for alle.

Illustrasjonsfoto: Andre Hustoft Nesheim.
Forfattar Maria Parr og illustratør Åshild Irgens kjem og fortel om samspelet mellom tekst og bilete i barnebøker. Diktar og førsteamanuensis Thor Magnus Tangerås vil fortelje om korleis litteraturen kan forandre deg, og du vil få høyre om lesemetoden samlesing. Det er òg duka for diktlesing ved festspeldiktar Marit Kaldhol og Tangerås.
Fagdagen passar for alle som er interesserte i eller arbeider med litteratur, anten du er barnehagelærar eller lærar i grunnskulen, jobbar på vidaregåande skule, i vaksenopplæring eller ved bibliotek, eller du er ein ihuga lesehest.
Å oppleve litteratur, og korleis ulike former for samspel skaper litteraturopplevingar, er viktig gjennom heile livet. Difor handlar éin bolk på programmet om barn som lesarar, éin om ungdom og litteratur, og éin om vaksne sine litteraturopplevingar.
Om du vil ha lunsj i løpet av dagen, må du melde deg på innan 1. juni 2025 ved å følgje denne lenkja (Nettskjema).
Du kan sjølv velje om du vil delta heile dagen eller på berre dei delane du sjølv ønskjer.
Oppdaterte tidspunkt for dei ulike føredraga og rominformasjon finn du på denne sida når dagen nærmar seg.
Har du spørsmål om fagdagen? Send e-post til anne.natvig@nynorsk.no.
Velkomen til fagdag på Høgskulen i Volda torsdag 12. juni 2025!
Program
- 09.00–09.15: Velkomst.
- 09.15–10.15: Samspel mellom tekst og bilete i bøker.
- Illustratør Åshild Irgens og forfattar Maria Parr fortel om samspelet mellom tekst og bilete i barnebøker. Samtalen blir leia av Heidi Fagna ved Nynorsksenteret.
- 10.15–10.30: Pause.
- 10.30–11.00: Bokpodkast som verktøy og oppleving.
- Heidi Fagna og Ingvild Myklebust ved Nynorsksenteret om podkasten «Barneboktipset».
- 11.10–11.30: Høgtlesing ved Marit Kaldhol og Thor Magnus Tangerås i biblioteket på Høgskulen i Volda.
- 11.30–12.00: Lunsj.
- 12.00–12.45: «raud drope, kvitt mjøl» – om å lese med kroppen.
- Marit Kaldhol om kva det kan bety «å lese med kroppen» og kva det medfører for hennar eiga skriving.
- 12.45–13.00: Pause.
- 13.00–13.45: Litteraturundervising i ungdomsskulen.
- Marit Brekke om undervisingsopplegg sentrert rundt Marit Kaldhol si bok Zweet.
- 13.45–14.00: Pause.
- 14.00–14.45: Livsendrande lesing.
- Førsteamanuensis og forfattar Thor Magnus Tangerås om korleis litteratur kan påverke liva våre.
- 14.45–15.00: Pause.
- 15.00–15.45: Samlesing som metode.
- Opplev samlesing med Guro Kristin Gjøsdal, Lone Ellingsvåg Knutsen og Elin Gundersen, som står bak «Tekst og tanke»-arrangementa ved HVO.