ORCID - ein unik forskar-ID

ORCID (Open Researcher and Contributor ID) er ein internasjonal standard for unik identifisering av forskarar og andre bidragsytarar til forsking. Ein ORCID-identifikator er like unik som eit fingeravtrykk, og den kan verte brukt gjennom heile forskarkarrieren. Identifikatoren bidreg til å stille saman forskingsresultata tilhøyrande same forskar sjølv om forskaren endrar namn, bustad eller institusjon kor som helst i verda.

ORCID er ein internasjonal, ideell organisasjon som blir støtta av medlemsorganisasjonar som forlag og institusjonar innanfor høgare utdanning. Sidan oppstarten i 2012 har ORCID vorte ein internasjonal standard for å identifisere forskarar og bidragsytarar til forsking.

Fordelar med å bruke ORCID

  • Du blir ikkje forveksla med andre forskarar sjølv om de har same namn.
  • Du vert identifisert sjølv om du har eit namn som inneheld til dømes særnorske bokstavar som kan medføre ulik skrivemåte i publikasjonane dine.
  • Du sikrar at forskingsresultata og -aktivitetane dine vert tilskrive deg.
  • Det vert lettare for andre å finne fram til publikasjonane dine.
  • ORCID-en er din – heilt gratis – for alltid​. 

Ved spørsmål om ORCID, ta kontakt med forskingsrådgivar Geir Tangen.