Forskingsdagane 2023
I 2023 vert Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda arrangert i tida 21. september til 1. oktober, med det nasjonale temaet "Energi".
Ta kontakt med koordinator Ida Haug Theodorsen for meir informasjon om Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.
Torsdag 21.september
Digital tvilling og regional planlegging. Presentasjon av forskingsprosjektet SmartPlan
Vi presenterer forskingsprosjektet SmartPlan og førebelse resultat frå utvikling av digital tvilling i Ålesundregionen.
Se meir om SmartPlan her!
Ulstein Fjernvarme ved daglig leiar Paul Arne Ulstein og prosjektleiar Anne Hestflått deltar, og vil presentere korleis dei nytter fjernvarme som ein energikjelde.
Fagleg ansvarleg for arrangementet er Gro Anita Bårdseth og Kjersti Straume, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, Avdeling for samfunnsfag og historie.
Tid: 13:00-14:00
Stad: Vesle BK / BK 159
Second hand clothing sent to Ghana: an environmentally friendly practice or waste colonialism?
Norsk:
Store mengder brukte klede vert sendt til afrikanske og asiatiske land. Når det gjeld Ghana, kjem rundt 15 millionar plagg per veke til dette vestafrikanske landet.
Desse plagga stammar frå kleskolleksjonar i vestlege land, og dei vert kjøpt av handelsmenn i Ghana buntvis, med ukjend innhald og kvalitet. I Ghana skapar dette forretningsområdet arbeidsplassar. Men med ein så omfattande tilstrøyming av brukte klede – også referert til som «Daude kvite menns klede», må ein lure på andre effektar.
Dette førar til spørsmåla: Kva for ein effekt har brukte klede på Ghanas plaggproduksjon? Kva er miljøeffektane av brukte klede som ikkje er brukbare for vidaresal?
Volda Gjenbruken presenterer for publikum korleis de jobbar med brukte klede.
Arrangementsansvarleg er professor Nathalie Homlong, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, Avdeling for samfunnsfag og historie.
Presentasjonen er på engelsk. Alle er velkomne.
Tid: 16:00
Sted: BK 159 (Lille BK)
English:
Large amounts of used clothing are sent from the Global North to African and Asian countries. In the case of Ghana, about 15 million items of garments per week arrive in this Western African country. These garments originate from clothing collections in Western countries, and are bought by traders in Ghana in bundles, where the content and quality of the individual items is unknown. In Ghana, this area of business creates jobs. However, with such a large influx of second hand clothing – also referred to as “Dead white man’s clothing”, one has to wonder about other effects.
This leads to the questions: How does second-hand clothing affect Ghana’s garment production? What are the environmental impacts of second hand clothing that is not usable for resale?
Volda Gjenbruken (Volda second-hand shop) will tell the audience about their routines regarding second-hand clothing.
The event manager is Professor Nathalie Homlong, Department of planning, administration and school-based social studies, Faculty of soscial science and history.
The presentation will be held in English. Everyone is welcome.
Time: 16:00
Location: BK 159 (Small BK)
Samtalekafè / Conversation cafè
Velkomen til samtalekafé med temaet ENERGI!
Vi serverar gratis mat og på borda ligg samtalekort som kan vere utgangspunkt for praten: Kva betyr energi for deg? Kva gir deg energi? Kva tek energi? Og kva i all verda har energi og konflikt med kvarandre å gjere?
Studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen og studentprest Ruth Eva Sollie innleiar til samtale.
Tid: 18:00-20:00
Stad: Rokken
English:
Welcome to the conversation café with the theme ENERGY!
We will serve free food, and on the tables, you will find conversation cards that can be a starting point for discussion: What does energy mean to you? What gives you energy? What drains your energy? And what in the world does energy have to do with conflict?
Humanist chaplain Lone Ellingvåg Knutsen and student chaplain Ruth Eva Sollie will start by sharing some thoughts on the topic in Norwegian.
Time: 18:00-20:00 (6pm-8pm)
Location: Rokken
Fredag 22.september
Utdeling av FoU-prisen 2023 og opning av Forskingsdagane 2023
FoU-prisen for 2023 går til professor Marie Nedregotten Sørbø ved Institutt for språk og litteratur på Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Musikalsk innslag ved Ragnhild Engeset, akkompagnert av førstelektor Elizabeth Anne Oltedal, ved Institutt for musikk på Avdeling for kulturfag.
Tid: Fredag 22. september 2023, kl. 11:00-12:00.
Stad: Biblioteket, HVO.
Alle er velkomne.
Barnebokbad med forfattar Kari Stai
Kom og sjå tre gutar frå Øyra skule bokbade forfattar Kari Stai!
4.klassingane Sebastian, Jakob og Georg har fordjupa seg i bøkene om Jakob og Neikob. Med hjelp frå Heidi Fagna og Isabella Pareliussen frå Nynorsksenteret, har gutane lese, samtalt og laga spørsmål til bøkene Jakob og Neikob, Jakob og Neikob og tidsmaskinen og Jakob og Neikob og alle andre.
Først vil gutane stille spørsmåla sine til Kari Stai, og deretter vil Isabella Pareliussen fortelje om korleis ein har arbeidd i forkant av dette bokbadet, korleis ein kan knyte slikt arbeid til temaet energi, og korleis ein kan arbeide med utforskande samtalar saman med born.
Målgruppe: Lærarar, lærarstudentar og andre som interesserer seg for barn og litteratur, som til dømes lærarutdannarar.
Tema: Litteraturdidaktikk, munnlege ferdigheiter og utforskande undervising
Fagleg ansvarleg er Høgskulelektor Isabella Pareliussen, Nynorsksenteret, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Tid: 13:15-14:15
Stad: Øyra skule, Amfiet
Bokbadet og bøkene om Jakob og Neikob passar godt for elevar på 1.-4.trinn. Alle er velkomne til å vere med på heile arrangementet, eller berre bokbadet.
Skulebarn må ha følgje med føresett.
Laurdag 23.september
Gaming for Guac - "Spillvarme" for Avokado
Energiforskning handla ikkje berre om å finne nye energikjelder, men og å vere smartare på å nytte dei vi allereie har. Her er «spillvarme" frå dataserverparken ein moglegheit til å nytte nordmenns enorme skybruk til å varme opp eit drivhus, til dømes.
Det som kanskje nyttar mest energi er gaming og skjerm, noko som også målgruppa vår er engasjert i. 777 vil saman med spillglade barn og unge, vere med på å gro Noregs første avokadoavling ved hjelp av «spillvarme".
Eit drivhus vert kopla saman med ein liten serverpark, der overskuddsvarmen gir energi til drivhuset med spirande avokadoar. E-sportlaget vil sitte i drivhuset, medan rundt om i landet på dei forskjellige arrangementstadane vert det satt opp fleire stasjonar som er kopla til avokado-servare over internett. Barn og unge får moglegheita til å spille mot heltane sine medan dei lærar om energi og overskotsvarme.
Samarbeid med Volda E-sport, Metizport, Volda Handball og Volda Campus Arena
Les meir om dette her: Game for Guac - hvordan unngå at spillvarmen går til spille? (forskningsdagene.no)
Tid: 12:00-18:00
Stad: Volda Campus Arena
NB! Barn under 12 år må ha følgje med ein vaksen.
Energisk bokstavleik for barn
Det vert bokstavleik og bøker for barn i barnehage- og barneskulealder på Volda Campus Arena i samanheng med "GfG".
Bokstavleiken er godt egna for barn i førskule og tidleg skulealder (5-7 år), men alle er velkomne!
Ansvarleg for bokstavleiken er Høgskulelektor Monica Gjelsten, Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Arrangementet er i samarbeid med Volda Campus Arena
Tid: 12:00-16:00
Stad: Volda Campus Arena, Aktivitetssal 2
Runde Miljøsenter - ei energisk oppleving tilpassa barn og vaksne
Energi er drivkrafta til alt! Frå sollyset som gjer at bittesmå plankton blomstrar opp i havet, til energien du får av å ete ei skive med makrell i tomat, og elektrisiteten som driv mobilen eller bilen din – alt er energi. På Forskningsdagane på Runde kan du sjå, føle og smake på ulike delar av næringskjeda i havet og finne ut kor dei ulike plantene og dyra får energien sin ifrå. Du kan også prøve å utvinne energi frå vind, bølgjer og olje og lære deg meir om fornybar energi. Kva er det og kvifor er det så viktig?
Arrangementet er tilpassa barn og vaksne. Sjå meir her.
Fagleg ansvarleg for arrangementet er Førsteamanuensis Jan Håkon Vikane, Institutt for realfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Arrangementet er i samarbeid med Runde Miljøsenter.
Tid: 12:00-16:00
Stad: Runde Miljøsenter
Søndag 24.september
Gudsteneste under Forskingsdagane
Gudsteneste under Forskingsdagane.
Preike v/Ralph Meier
Søndagsskulen for barna under gudstenesten.
Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi.
Fagleg ansvarleg for arrangementet er Førsteamanuensis Ralph Meier, institutt for religion og livssyn, avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Tid: 11:00-12:15
Stad: Volda kyrkje, Volda.
Barneyoga i Aasentunet
Barneyoga i Aasentunet med yogainstruktør og stipendiat Anne Natvig (AMF), som til dagleg arbeider som konservator i tunet.
Arrangementet er gratis og passar for barn i alderen 4-8 år.
Arrangementet er eit samarbeid med Nynorsk Kultursentrum
Tid: 13:00
Stad: Aasentunet
Filmvisning av Kampen om Mardøla (1972) på Hjørundfjord Filmteater, Sæbø
Kampen om Mardøla, norsk dokumentarfilm frå 1972 om Mardøla-aksjonen sommaren 1970.
Med dagens kraftutbygging i Noreg og spørsmål om energiproduksjon vs nedbygging av natur, passar det glimrande med å gå tilbake til Mardøla, der det heile starta med protestar mot kraftutbygging.
Og vi har med oss fleire med erfaring og kunnskap om temaet; Knut Festø, Dag Erik Wold og Marit Wadsten – sistnemnde med fersk bok om temaet med seg i sekken.
Vel møtt, tilleten for alle! Gratis inngang, gratis popkorn!
Meld di interesse på Facebook!
Fagleg ansvarleg for er Stipendiat Dag Erik Wold, avdeling for Humanistiske fag og lærarutdanning.
Arrangementet er i samarbeid med Hjørundfjord Filmteater.
Tid: 20:00
Stad: Hjørundfjord Filmteater, Sæbø.
Måndag 25.september
Foredrag ved Professor Jan Emblemsvåg, NTNU: Kjernekraft for berekraft
Foredrag ved Professor Jan Emblemsvåg, NTNU
33 land har kjernekraft og 55 land vurdera kjernekraft. Kvifor er det so mange land som satsar så mykje når kjernekraft har eit so dårleg rykte i einskilde land, slik som Noreg? I foredraget skal vi sjå på dei viktigaste mytane og fakta rundt kjernekraft og kvifor ein berekraftig framtid avhenger av kjernekraft.
Arrangementet er i samarbeid med Senioruniversitetet i Volda og Ørsta.
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Tid: Måndag 25. september 2022 kl. 13-14:30.
Stad: BK 161, HVO.
Film og tanke + Tekst og tanke med podkast
Velkomen til ein kveld med god film, god litteratur, gode menneske, gode samtaler og låge skuldrer!
Leseleiarane les høgt frå ei novelle og eit dikt. Du kan velje å berre lytte til lesinga, eller delta i samtale om lesinga. Ein treng ingen forkunnskapar.
18.15: Film og tanke
Animasjonsfilmen Pearl Diver av Margrethe Danielsen, med samtale etterpå.
19.25: Tekst og tanke live podkast
Live podkastinnspeling der vi brukar lesemetoden samlesing/shared reading.
Arrangementet er gratis, og i samarbeid med Studenthuset Rokken.
Studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen, Høgskulelektor Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret) og Elin Gundersen (biblioteket) er faglege ansvarlege for arrangementet.
Tid: Dørene opner kl. 18:00
Stad: Rokken
Du kan også følgje podkasten live her.
Tysdag 26.september
Seminar: "Norsk.no".
Seminar: "Norsk.no".
Norsk. no er eit seminar som viser forsking på norskseksjonen ved lærarutdanninga. De vil høyre om forskingsprosjekt om undervegsvurdering i den særskilde norskopplæringa, om tekstbyteprosjekt i vidaregåande trinn og Digi-Hand sett frå elevperspektivet. Kan 2-klassingar seie noko fornuftig om eigne tekstar og kan førsteklassingar skrive forteljing? Klart dei kan!
Vi får lære meir om traume og litteratur og om samiske forfattarar.
Dette er berre ein del av tema de kan høyre om i programmet.
Norsk.no føregår på tysdag 26.september frå 9-13, og det vert ei eiga avdeling for 5-10 (kl. 9-11) og ei for 1-7 (kl. 11-13). Men det er berre kjekt om ein vil delta på heile seminaret.
Fagleg ansvarleg for seminaret er Førstelektor Marit Brekke, Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Tid: 09:00-13:00
Stad: BK 159, HVO.
Avhandlingsforum
Innlegg ved stipendiatane Amir Monfared og Martyna Fojcik. Ein fin arena for å få vite meir om kva som røra seg ved HVO.
Fagleg ansvarleg for avhandlingsforum er Professor Jan Inge Sørbø, Institutt for sosialfag, Avdeling for samfunnsfag og historie.
Tid: Tysdag 26. september 2023 kl. 13.
Stad: BK 158, HVO.
Arrangementet er opent for alle
Onsdag 27.september
Kunst- og uttrykksmetodar for språk og livsmeistring
EXIT-metoden (Expressive Arts in Transition) er ein gruppeintervensjon med utgangspunkt i kunst- og uttrykksmetodar. Målet er å gi kunnskap og verktøy til å handtere stressymptom etter traumatiske hendingar som flukt, krig, naturkatastrofar, sjukdom og andre livskriser. Metoden er utvikla av Melinda Meyer deMott i samarbeid med Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, Universitetet i Sørøst-Norge og NIKUT. Metoden blir brukt nasjonalt og internasjonalt innanfor helse, opplæring og administrasjon.
Fagleg ansvarleg for arrangementet er språk- og kunstpedagog Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning), som er sertifisert EXIT-gruppeleiar. Ho har også utdanning og røynsle innanfor helsefagarbeid.
Gjøsdal vil gi ei innføring i metoden og utviklingsarbeidet ho har utført ved Volda læringssenter (vaksenopplæringa). Her har ho undersøkt kva kunst og uttrykksmetodar kan gjere for språk og livsmeistring. Fleire av deltakarane ved Volda læringssenter vil vere til stades på arrangementet.
Avgrensa plassar (maks 20). Meld deg på her.
Påmeldingsfrist: Onsdag 27. september klokka 13:00
Tid: 14:30-15:30
Stad: BK158
Filmar om EXIT:
EXIT – Expressive Arts in Transition
In exhile from the body – Bioenergetic training against mental stress
Tekst og tanke
Vi brukar lesemetoden samlesing/shared reading og blir kjent med god litteratur og gode menneske!
Samlesing/shared reading er spa for hjernen. Velkomen!
Faglege ansvarlege for arrangementet er Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret), Lone Ellingsvåg Knutsen (studenthumanist) og Elin Gundersen (biblioteket).
Tid: 16.15: Gratis pizza
Tid: 16.45: Tekst og tanke, kaffi/te og frukt
Stad: Kantina på Berte Kanutte (BK), peiskroken
EnergiKviss - Rokken
Rokken inviterer til ENERGIKVISS. Dei lovar god stemning og interessante spørsmål om årets tema.
Fine premiar!
Arrangementet er i samarbeid med Studentsamfunnet Volda og Studenthuset Rokken.
Tid: 20 (Dørene opnar kl. 19).
Stad: Studenthuset Rokken, Volda.
Torsdag 28.september
The power of the mind (Tankane si kraft - english lecture)
Between different dialects, Nynorsk, and Bokmål, Norwegians are exposed to an extraordinary amount of linguistic variation in their own language. Some dialects in Norway are so dissimilar that it's almost like we speak different languages. Jade Sandstedt from the Institute for Language and Literature will present recent neurolinguistic research using electroencephalography (EEG), studying how our brain processes narrow linguistic variation in different Norwegian varieties and how similar this kind of bilectalism is to bilingualism.
Peder Smart Sefland from IT will give practical and interactive demonstrations of EEG in action and present plans for future research at HVO combining EEG and virtual reality (VR).
Location: BK 159
Time: 9:15 AM
Tankane si kraft
The power of the mind - Norsk foredrag
Mellom forskjellige dialekter, nynorsk og bokmål, er nordmenn eksponerte for ei ekstraordinær mengd språkleg variasjon i sitt eige språk. Nokre dialekter i Noreg er så forskjellige at det nesten er som om vi snakkar ulike språk. Forskar Jade Sandstedt, frå Institutt for språk og litteratur, vil presentere ny nevrolingvistisk forsking som bruker elektroencefalografi (EEG) for å måle korleis hjernen vår prosesserer smale språklege forskjellar i ulike variantar av norsk og kor lik denne typen bilektalitet er andre former for tospråklegheit.
Peder Smart Sefland frå IT vil demonstrere EEG i bruk og snakke om framtidig forsking ved HVO som vil kombinere EEG og virtuell røynd (VR).
Stad: BK 159
Tid: 12:15
Demonstrasjon - Tankane si kraft
Norsk
Kom og sjå korleis hjernebølgar ser ut i sanntid!
Tidlegare på dagen har Jade Jørgen Sandstedt presentert si forsking på temaet, og no i samarbeid med Peder Smart Sefland vil dei demonstrere korleis dei les og tolka hjernebølgar.
Her kan du kome og sjå hjernebølgar, og prate med forskar Jade og IT overingeniør Peder om prosjektet (les meir under "Tankanes kraft"). Velkomen!
Tid: Torsdag 28.september klokka 13:30
Stad: BK159
English
Come and see for yourself what brainwaves look like in real time!
Earlier Jade Jørgen Sandstedt presented his research on brainwaves. Today in collaboration with Peder Smart Sefland they would like to demonstrate how they can read and interpret brainwaves.
You are welcome to observe brainwaves, and have a chat with researcher Jade and IT engineer Peder about their project (read more about it under "The power of the mind").
Time: Thursday 28th of September, 13:30
Location: BK159
Konspirasjonsteoriar i undervisning
Lærarar og lærarstudentar er invitert til ein halv fagdag om undervising om kontroversielle tema. Det vil vere ein introduksjon om konspirasjonsteoriar, innlegg om konspirasjonsteoriar og klima/miljø i regi av naturfag, didaktisk opplegg med gruppearbeid om tematikken retta mot undervisingspraksis, oppsummering og erfaringsdeling.
Målgruppe: lærarar i skulen, alle nivå, og lærarstudentar.
Kaffi og fruktservering
Fagleg ansvarleg for arrangementet er Førstelektor Elisabeth Teige og Høgskulelektor Nils Magne Magerøy, institutt for Planlegging, administrasjon og samfunnsfag, avdeling for Samfunnsfag og historie.
Vi ber om påmelding her for å planlegge gruppearbeid.
Tid: 14:15-17:00
Stad: BK161
Kunstig intelligens – utfordringar og moglegheiter
Kunstig intelligens har på rekordtid blitt ein global, kontroversiell snakkis. Sjeldan har ein nyare teknologi ført til ei like rask og sterk dragning mellom hallelujastemning og dommedagsprofetiar.
Kunstig intelligens gjennomsyrer stadig meir av kvardagen og ber i seg store moglegheiter – og kanskje like store utfordringar. I dette foredraget vil Siv Måseidvåg Gamlem (AHL) fortelje publikum meir om kva kunstig intelligens er, korleis det påverkar samfunnet, samt ulike utfordringar med teknologien. Med seg tar Siv IT overingeniør Peder Smart Sefland, som vil modellere VR-briller og gi moglegheit for at publikum kan få demonstrert teknologien.
Kan kunstig intelligens styrke læring og undervisning i det 21.århundre? Siv er prosjektleiar for AI4AfL. Dette er eit forskingsprosjekt som skal utvikle kunstig intelligens-teknologi som kan analysere tekst, og generere tilbakemeldingar tilpassa den enkelte eleven. Siv vil også fortelje litt om dette forskingsprosjektet som starta i 2022. Sjå meir om forskingsprosjektet her!
Arrangementet er gratis og i samarbeid med Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid.
Fagleg ansvarleg for arrangementet er Siv Therese Måseidvåg Gamlem, institutt for Pedagogikk, avdeling for Humanistiske fag og lærarutdanning.
Tid: 19:00
Stad: Vikholmen, Aktivitetshuset ved Småbåthamna (Ulsteinvik)
Fredag 29.september
Digitale verktøy - ein utforskande reise for barnehagebarn
Institutt for digital kompetanse har gleda av å invitere barnehagebarn i alderen 4-5 år på ei spanande økt med bruk av digitale verktøy.
Her får barna høve til å utforske, undre seg og leike med digitale verktøy. Vi er opptekne av at det digitale skal bidra på mange måtar i barnehagen.
At skjerm kan vere passifiserande har nok mange erfart, men kan det digitale også vere aktiviserande og gi nødvendig kompetanse for barn som veks opp i 2023? Vi legg opp til ei aktiv og motiverande økt for barna og til inspirasjon for dei vaksne til fornuftig og målretta bruk slik at digitale verktøy kan gi meirverdi til aktiviteten i barnehagen.
Fagleg ansvarlege for arrangementet er Høgskulelektorane Trine Kupen Refvik, Torbjørn Frantzen og Ingvild Buhaug frå Digital kompetanse i læring, avdeling for Humanistiske fag og lærarutdanning.
Påmelding på førehand.
Digitale verktøy - ein utforskande reise for skuleelevar
Institutt for digital kompetanse har gleda av å invitere elevar og lærarar til ei spannde økt om energi og skaparglede i skulehagen.
Vi meiner at digitale verktøy skal nyttast til å utforske, undre seg og leik. Skulehagen, anten den er stor eller liten, er sin spanande leikeplass der ein kan rote i jorda, bruke alle sansane sine, og ein kan sjå mønster og oppdage samanhengar.
Ein kan utvide forståelsen for naturen gjennom teknologien, og bruke teknologien utanfor eller i samanheng med det tradisjonelle klasserommet. Bli med oss på å utforske dette spanande området!
Fagleg ansvarlege for arrangementet er Høgskulelektorane Trine Kupen Refvik, Torbjørn Frantzen og Ingvild Buhaug frå Digital kompetanse i læring, avdeling for Humanistiske fag og lærarutdanning.
Med seg på laget har dei Stipendiat Kim André Stavenæs Refvik, avdeling for Humanistiske fag og lærarutdanning.
Påmelding på førehand
Søndag 1.oktober
Runde Miljøsenter - ei energisk oppleving tilpassa barn og vaksne
Energi er drivkrafta til alt! Frå sollyset som gjer at bittesmå plankton blomstrar opp i havet, til energien du får av å ete ei skive med makrell i tomat, og elektrisiteten som driv mobilen eller bilen din – alt er energi. På Forskningsdagane på Runde kan du sjå, føle og smake på ulike delar av næringskjeda i havet og finne ut kor dei ulike plantene og dyra får energien sin ifrå. Du kan også prøve å utvinne energi frå vind, bølgjer og olje og lære deg meir om fornybar energi. Kva er det og kvifor er det så viktig?
Arrangementet er tilpassa barn og vaksne. Sjå meir her.
Fagleg ansvarleg for arrangementet er Førsteamanuensis Jan Håkon Vikane, institutt for Realfag, avdeling for Humanistiske fag og lærarutdanning.
Arrangementet er i samarbeid med Runde Miljøsenter.
Tid: 12:00-16:00
Stad: Runde Miljøsenter