Kunstnarisk forsking

Formål

Kva er kunstnarisk utvikling (KU), og kva vil det seie å arbeide med dette på Høgskulen i Volda og i UH-sektoren generelt? Forskingsgruppa ønsker å arbeide med å klargjere desse spørsmål for seg sjølv, og delta i den offentlege samtalen om kunstnarleg forsking. Gruppa skal og støtte dei individuelle medlemanes eigen kunstnariske praksis, bidra til at medlemmane publiserer kunstnariske arbeid og stimulere til samarbeid mellom enkeltpersonar og fagfelt. I tilknytning til Høgskulens pedagogiske utdanningar fokuserer gruppa og på kunst som didaktisk verkemiddel.

Medlemmer

Marit Ulvund (leiar), Trygve Nielsen (nestleiar/stipendiat), Eleanor Dodson (stipendiat), Ingvild Rømo Grande (stipendiat), Hege Holmqvist, Raymond Corrado Knutsen, Guro Gjøsdal, Solveig Wig (stipendiat), Vibeke Preus, Stein Helge Solstad,  Morten Stene (stipendiat), Karstein Solli, Antje Freida Meier

Eksterne medlemmar:

Dr. Cecilie Haagensen NTNU, Professor Peter O’Connor (Auckland University, New Zealand) – Professor 2 AKF/HVO

Prosjekt

Materialitet i kunsten

Korleis kan vi skildre materialitet i skaping og oppleving av kunst? Kva betyr fysisk nærvær og samtidigheit i opplevinga av eit kunstverk - uavhengig av om det er eit objekt som eit måleri eller ei hending slik som ein performance? Kurator Trude Schelderup-Iversen i KORO viser til at "Kunstfeltets nylige vending mot det taktile, det stofflige og en ny interesse for materialitet i kunsten, erstatter en årelang dominans av den idebaserte kunsten". Stemmer dette med det vi gjer? Med utganspunkt i våre ulike kunstpraksisar undersøker vi materialitet i kunsten. Vi ser på perspektiva i våre eigne kunstfelt og diskuterar desse opp mot kvarandre sine disiplinar. Målet for prosjektet er å undersøke materialitet i prosjektdeltakarane si kunst/kunstfelt og sampublisere ein eller fleire artiklar ut frå desse undersøkingane.

Ei utforsking av linje og karakterar i feministiske univers. PhD prosjekt. Solveig Wiig

Prosjektet vil innebere å utarbeide ei tredje teikneseriebok innanfor eit etablert feministisk serieunivers kalla "Bruddstykker", og dessutan: å vidareutvikle ei av historiene i denne del 3 av teikneseriebøkene til ein animert kortfilm. Designet av dette prosjektet inneber at fleire interessante kontaktflater mellom teikneseriar og animasjonsfilm vil oppstå i prosessen, både med omsyn til linja, karakterar, fortelling(ane) og universet som presenterast - knyta til både teknikk og estetikk i dei to verka. Det kunstnariske utviklingsarbeidet vil kunne gi ny kunnskap og erfaring til begge kunstretningar og utrykksformar.

Solveig Wiig er stipendiat ved Høgskulen i Volda og student ved PHKunst programmet ved NTNU. Prosjektets hovudrettleiar er Svein Høier, og bi-rettleiar Samantha Moore.

Animasjon og noter. PhD prosjekt Trygve Nielsen

prosjektet vil gjennom kunstnariske eksperiment med animasjonsfilm skape uttrykk som er egna for animert notasjon - animerte filmbilete for å lese eller skrive musikk. Animerte bilete som guide til framføring av musikk kan sporast tilbake til 20-talet og Fleischer Studios bouncing ball karaokefilmar. Dei siste tiåra har utviklinga skutt fart, og animasjon har til dømes blitt brukt i ei rekke digitale musikkopplærings-reiskap, og nytta eksperimentelt av samtidsmusikk-komponistar. Dette prosjektet ønsker å utvikle feltet frå eit animasjonsperspektiv; korleis kan dei unike eigenskapane til animasjon vere egna til å uttrykke musikk? Til dømes eigenskapa til å kunne framstille metamorfosar, ein illusjon av liv, eller gjere usynlege eller umoglege rørsle mogeleg. Doktorgradsarbeidet vil i hovudsak ta form av korte animerte filmar. Desse kan enten vere direkte knytt til skapinga av musikk, eller dei kan vere egna til å stimulere sjåaren til å skape eigne lyd-bilete analogiar eller musikalske idear.

Trygve Nielsen er stipendiat ved Høgskulen i Volda og student ved PHKunst programmet ved NTNU. Prosjektets hovudrettleiar er Asbjørn Tiller og bi-rettleiar Samantha Moore.