Heim og opplæring
Forskingsgruppa har som formål å utvikle ein arena og eit fellesskap for forskarar med interesse for foreldre og familien si rolle og involvering i barn og unge si utdanning og heimsamarbeid med barnehage, skule og samfunn. Dette skal skape grunnlag for å kunne dele, drøfte og produsere forskingsbasert kunnskap, kompetanse og aktivitetar gjennom samarbeid og samlingar og aktiv deltaking i interne og eksterne nettverk, seminar og konferansar.
Formål
Formålet er å utvikle ein arena og eit fellesskap for forskarar med interesse for foreldre og familien si rolle og involvering i barn og unge si opplæring og heimsamarbeid med barnehage, skule og samfunn, for å kunne dele, drøfte og produsere forskingsbasert kunnskap, kompetanse og aktivitetar knytt til tema.
Medlemer
- Julia Melnikova, førsteamanuensis HVO (pedagogikk) (leiar)
- Arve Fiskerstrand, høgskulelektor HVO (matematikk) (nestleiar)
- Guro Lovise Bjørnevik, stipendiat HVO (religion)
- Maiken Marie Jordal, stipendiat (sosialfag)
- Hilde Muren, høgskulelektor (samfunnsfag)
- Ingrid Kvam Steinshamn, høgskulelektor (pedagogikk)
- Bente Hasle, førsteamanuensis HVO (sosialfag), senior
- Gunnhild Bergset, førstelektor HVO (pedagogikk), senior
Assosierte medlemmar
- Gudrun Kløve Juuhl, førsteamanuensis HVO (norsk)
Eksterne medlemmar
- Hilde Birgitte Hjertager Lund, førsteamanuensis HVL (samfunnsfag)
Aktivitetar
Forskingsgruppa skal ha seks samlingar derav minimum fire faste samlingar pr år etter oppsett plan, normalt medio månad 2, 5, 9 og 11. Desse er til fagleg oppdatering på forskingsarbeid internt i forskingsgruppa gjennom lesing og respons knytt til forskingsarbeid, og på fagfeltet gjennom drøftingar av vesentlege eller nye nasjonale og internasjonale forskingspublikasjonar og rapportar. Etter vedtak i forskingsgruppa kan ein støtte økonomisk seminar eller konferansar i regi av forskingsgruppa, i kombinasjon med eller i tillegg til dei faste samlingane. Forskingsgruppa kan også støtte medlemmar ved til dømes forskingsaktivitet og aktiv deltaking på nasjonale eller internasjonale konferansar.
Prosjekt
Medlemmane vurderer for forskingsgruppa til ei kvar tid etablering eller tilknyting av relevante prosjekt, og kan omfatte samarbeidsprosjekt for delar eller heile forskingsgruppa internt eller i samarbeid med eksterne partar. Etter vedtak i forskingsgruppa kan ein støtte prosjekt økonomisk.