Formål
Forskingsgruppa for litteraturdidaktikk arbeider med litteratur og didaktikk, primært knytt til lærarutdanninga. Vi tek utgangspunkt i det utvida tekstomgrepet, som inkluderer både skjønnlitteratur, sakprosa, samansette tekstar og andre tekstuttrykk, og vil forske på korleis lærarstudentar og lærarar legg til rette for undervisning med desse teksttypane i klasserommet, og korleis elevane utviklar litterær kompetanse i arbeid med tekstane. Forskingsgruppa har ei særleg interesse for den nynorske barne- og ungdomslitteraturen. Vi er vidare opptekne av korleis styringsdokument som læreplanar i norskfaget vert tolka og forstått innanfor institusjonane som skal styre etter dei, og korleis dei vert implementerte i undervisninga.
Forskingsgruppa skal ivareta og utvikle medlemmane sine forskingsinteresser og samarbeider med morsmålsdidaktikarar ved andre lærarutdanningsinstitusjonar i Norge og Skandinavia.
Forskingsgruppa har møte kvar månad.
Pågåande prosjekt:
Norsk.no - Forskingsdagane 2022 og 2024
Nordiske Temadage (2022-2025) saman med Københavns Professionshøjskole, Høgskolan i Kristianstad og NTNU.
Dembra-prosjektet Konspirasjonsteorier og konspirasjonstenkning
Nabospråksnettverket
Gruppa har ansvar for temanummer om litteraturdidaktikk, Skriftskultur 7, 2025
Konferansar:
Utdanningshistorisk konferanse i Drammen, april 2023
Skriv/Les-konferansen i Stavanger, mai 2024
København: Netværk for litteraturdidaktisk forskning i Norden, mars 2024
Medlemmer:
Marit Brekke førstelektor (leiar)
Wenke Mork Rogne professor i norskdidaktikk (leiar)
- Åsa Sundnes Bruheim høgskulelektor, engelsk
- Monica Gjelsten høgskulelektor, norsk
- Brage Egil Herlovsen høgskulelektor, norsk
- Ingrid Løvik Saure høgskulelektor, norsk
- Irene Hareide førsteamanuensis, norsk
- Siri Vågene høgskulelektor, norsk
- Sondre Kvamme, høgskulelektor norsk
- Hallvard Kjelen (professor, norsk, ekstern medlem, leiar i forskingsgruppa i litteratur og litteraturdidaktikk ved Nord Universitetet).
- Masterstudent Silje Solheim Bjerkvik