PPU forskingsgruppe
Formål
- Auka forskings- og utviklingssamarbeid på tvers av fagmiljøa som bidreg inn til PPU. Dette inkluderer også praksisfeltet, både som forskingsarena og i gjensidig utvikling av forskingsbasert kunnskap.
- Styrking av forsking som rettar seg spesielt mot vidaregåande opplæring og tverrfagleg forsking ved HVO.
- Utarbeiding av fagfellevurdert antologi som kan fungere som pensum og inspirasjonsstoff i PPU-studiet spesielt, og for fagfeltet generelt.
- Synleggjering av PPU som avgjerande lærarutdanning for HVO og for regionen.
Medlemmer
- Erik C. Fooladi, professor – realfag (leiar)
- Kristin Kibsgaard Sjøhelle, førsteamanuensis – norskdidaktikk (leiar)
- Carien Hedvig P. Lærum, rådgjevar – PPU
- Elisabeth Helen Innselset, høgskulelektor – kroppsøvingdidaktikk
- Elizabeth Anne Oltedal, førstelektor – musikkdidaktikk
- Ester Alnes Osnes, høgskulelektor – pedagogikk
- Hilde-Gry Leer Salvesen, høgskulelektor – pedagogikk og yrkesfag
- Hjalmar Eiksund, førsteamanuensis – norskdidaktikk
- Jan Håkon Vikane, førsteamanuensis – naturfagdidaktikk
- Julia Melinkova, PhD – pedagogikk
- Karen Brænne, professor– kunst og handtverk
- Kari A. Hasle, høgskulelektor – historiedidaktikk/samfunnsfagdidaktikk
- Morten Stene, stipendiat – tverrkunstfagleg undervisningspraksis VGO
- Sofie E. Holmen, høgskulelektor og ph.d.-kandidat – norskdidaktikk
- Stein Conradsen, førsteamanuensis – pedagogikk
- Stian Cornelius Fagerlid, høgskulelærar – mediedidaktikk
- Synnøve Hedemann Amdam, førsteamanuensis – mediedidaktikk
- Terese K. Å. Myklebust, høgskulelektor – norsk og yrkesfagdidaktikk
- Torbjørg Bakke, høgskulelektor – pedagogikk og yrkesfag
- Torstein Drabløs, rådgjevar – PPU
- Trudi Henrydotter Eikrem, førstelektor i historie – samfunnsfagdidaktikk
Aktivitetar
Forskingsgruppa vil i 2024 ha fokus på følgjande aktivitetar:
- Jamlege faglege matpakke-Vi kjem til å bruke møta først og fremst som ein møtestad med diskusjonar og støtte til FOU-prosjekt. Det er planlagd at enkeltmedlemmer og grupper deler frå sine FOU-prosjekt
- Skriveseminar. Både kortare "Tei still og skriv"-økter gjennom året og eit todagars-seminar på hausten. På slike seminar vil medlemmene kunne legge fram prosjekt og få tilbakemelding på både konferanseinnlegg og tekst. Forskingsgruppemedlemmene har fleire manuskript under utarbeiding og fagfellevurdering.
- Arbeid mot spesialnummer eller antologi med tema knytt til tverrfagleg opplæring i vidaregåande skole.