Barnevernsforsking
Formål
Formålet er å stimulerer til forsking og skriving på barnevernsfaglege tema og bidra til fagleg utvikling av barnevernspedagogutdanningane på bachelor og masternivå.
Medlemmer
Interne medlemmar:
Ellen Andenes (leiar)
Tone Jørgensen (Profesor II)
Roar Stokken
Silje Louise Dahl
Egil Arne Standal
Reidunn Håøy Nygård
Kristine Vaadal
Betina Haug Olson
Hilde Langlo
Malene Øvrelid
Anna Elfrida Hovde Vollsund
Kine Høgberg (PhD-stipendiat)
Hege Lid Tomren Nystøyl (PhD-stipendiat)
Eksterne medlemmar:
Vilde Sund Jensen (PhD-stipendiat, HiM)
Aktivitetar
Forskingsgruppa har eksistert sidan 2011, då UH-Nett Vest tok initiativ til å opprette ei forskingsgruppe for barnevernsforsking på Vestlandet. Ein viktig grunn var at forskingsaktiviteten på dette feltet var relativt svak på det tidspunktet. Gruppa har hatt kontinuerleg aktivitet sidan då, og publisert mange nasjonale og internasjonale fagartiklar på fagområdet. Artiklane har bygd på kvantitative og kvalitative datasett som gruppa har medverka til. Ein av artiklane vann «Forsa-prisen» for beste fagartikkel i 2021-22.
Siste to åra har gruppa særleg arbeidd med prosjektet «Styrking av fagleg skjønn i det kommunale barnevernet», basert på fokusgruppeintervju med 8 barnevernsteam frå Agder, Vestland og Møre og Romsdal. Etter planen vil det i løpet av 2022-23 bli publisert minst 4 artiklar frå dette prosjektet.
Forskingsgruppa har vore viktig for å styrke forskingskompetansen både ved HVO og HVL. Eit resultat av samarbeidet er at desse høgskulane har utvikla eit felles masterkurs i barnevern («Barnets beste») på oppdrag frå BUFdir, som er gjennomført i fire år, og som også skal gjennomførast i 2022/23. Gruppa har også bidratt til at begge høgskulene snart startar masterutdanningar i barnevernsarbeid.
Planen vidare er først å fullføre prosjektet «Styrking av fagleg skjønn i barnevernet». Eit meir langsiktig mål kan vere å søkje eksterne midlar for forsking på barnevernet.