Mikrohistorie
Formål
Forskingsgruppa i mikrohistorie skal vidareutvikle dette fagfeltet, mellom anna ved kopling til masteremnet KUM309 og skriftleg produksjon i form av artiklar og bøker.
Medlemer
Interne:
Harald Johannes Krøvel, høgskulelektor, leiar
Arnfinn Kjelland, dosent em.
Ola Teige, førsteamanuensis
Chalak Kaveh, førsteamanuensis
Åsmund Svendsen, førsteamanuensis
Inger Marie Okkenhaug, professor
Harald Endre Tafjord, førsteamanuensis
Haakon Hegsvold Sørlie, stipendiat
Roar Stokken, førsteamanuensis
Kari Aslaug Hasle, høgskulelektor
Trudi Henrydotter Eikrem, førstelektor
Mette Vårdal, ph.d., timelærar
Elin Gundersen, master, førstekonsulent, biblioteket
Atle Døssland, professor em. (Volda)
Eksterne:
Dag Hundstad, ph.d., leiar Norsk lokalhistorisk institutt
Nils Olav Østrem, professor, Universitetet i Stavanger
Hilde Gunn Slottemo, professor, Nord universitet
Ingar Kaldal, professor, NTNU
Marie Smith Solbakken, professor, Universitetet i Stavanger
Arne Solli, førsteamanuensis, Universitetet i Bergen
Lars August Hafting Kvestad, førstelektor, Høgskulen på Vestlandet
Pål Berg Svenungsen, førsteamanuensis, Høgskulen på Vestlandet
Gudmund Valderhaug, førstelektor em. (Hareid)
Amund Pedersen, master, bygdebokforfattar Kvinesdal
Ine Fintland, førstarkivar (førsteamanuensis), Seksjon for FoU, Arkivverket (Stavanger)
Hans Hosar, forskar, Norsk lokalhistorisk institutt
Aktivitetar
9.-10. september 2021: Fotohistorisk workshop, Thon Hotell Fosnavåg
6.-7. desember 2021: Manusseminar, Ulsteinvik Quality Hotell
8.-11. august 2022: Deltaking på Nordiska historikermötet i Göteborg med innlegg på sesjonen Mikrohistorie – eit fruktbart bindeledd mellom lokal- og globalhistorie?
30.-31. oktober 2023: Workshop on Photography and Film as Resources for Knowledge of the Past, VID Vitskaplege Høgskule, Stavanger. Samarbeid mellom forskingsgruppa RetinC, Vid og dei to forskingsgruppene Kulturmøte og Mikrohistorie ved HVO.
22. november 2023: Foredrag ved HVO med førstelektor Lars August Hafting Kvestad, HVL: Rettshistorie, eigedomshistorie, GIS og noko attåt.
16. april 2024: Seminaret Emosjoner, kjønn og historie, Høgskulen i Volda
- i samarbeid med forskingsgruppa Kulturmøte
2.-4. desember 2024: Workshop on Photography and Film as Resources for Knowledge of the Past, Bergen, 2.-4. desember 2024.
11. desember 2024, Manusseminar, HVO
- i samarbeid med Forskingsgruppa kulturmøte
Tidleg på hausten 2025 (over 2 dagar) vil forskingsgruppa arrangere eit oppstartsseminar for ein antologi om biografi og mikrohistorie, i samarbeid med forskingsgruppa Kulturmøte. Det er planlagt at antologien vil verte publisert i løpet av 2026.
Prosjekt
Forskingsgruppa vurderer til ei kvar tid etablering eller tilknyting til relevante prosjekt, noko som kan omfatte samarbeidsprosjekt for delar eller heile forskingsgruppa internt eller i samarbeid med eksterne partar. To av medlemmene i forskingsgruppa, Åsmund Svendsen og Inger Marie Okkenhaug, deltek i prosjektet Women in the Levant, 1870-1970: Biographical Perspectives. I løpet av vinteren 2025 vil det verte sendt inn søknad til Forskingsrådet om støtte. Leiar for prosjektet er Inger Marie Okkenhaug. I prosjektgruppa inngår fagpersonar frå fleire utanlandske universitet. Prosjektet tek sikte på bruk av mikrohistorie som historiefagleg tilnærming, og mikrohistoriske perspektiv er integrert i prosjektskissa. Ein del av aktiviteten i forskingsgruppa vil verte kopla opp mot dette prosjektet, litt avhengig av resultatet av forskingsrådet si handsaming av søknaden. Det vil her vere aktuelt å invitere internasjonale forskarar, i første rekkje dei som deltek i prosjektet, til gjesteførelesingar ved HVO.