Sårbare menneske – frå ungdomstid til vaksenliv
Eit longitudinelt forskingsprosjekt
Forskingsprosjektet «Sårbare menneske – i overgangar frå ungdomstid til vaksenliv» er utgangspunkt for gruppe for Livsløpsforsking ved Høgskulen i Volda. Her kan du lese meir både om prosjektet og forskingsgruppa.
I Noreg byrjar nesten alle i vidaregåande opplæring. Fram mot tidelen av elevflokken får særskilt tilrettelagd opplæring – i ordinærklassar og i ulike typar spesialklasser og smågrupper – fordi dei har problem av somatisk, psykisk eller sosial art. I dette prosjektet blir dei kalla særvilkårselevar fordi systemvilkåra like mykje som eleveigenskapane, kan påverke kva dei lærer i skulen. Dette er sårbare personar som ein fryktar kan få ei vanskelegare tilpassing enn andre på forskjellige samfunnsarenaer, for eksempel når det gjeld vidare skulegang, arbeid, sosialt liv og familiedanning. Spørsmål om vilkår og prosessar gjennom overgangar i livsløpet som gjeld avvik og normalitet, sosial integrasjon og isolasjon, men også spørsmål om identitet og livsmeining, arbeid og eigen bustad er sentralt i prosjektet.
Kunnskap om denne aktive tilpassinga kan ein få ved å følgje årskull av særvilkårselevar gjennom dei viktige åra i vidaregåande opplæring og deretter undersøkje korleis dei seinare finn seg til rette på ulike arenaer i samfunnet. Dette er gjort gjennom longitudinelle studiar som eit forskingsmiljø ved Høgskulen i Volda (HVO) har arbeidd med i meir enn 20 år. Desse studiane er blitt organiserte gjennom forskjellige prosjekt finanisert av KUF (1995 – 2000) og Velferdsprogrammet i Noregs Forskingsråd (2000 – 2004). Vidare prosjektdrift fram til no er dekt av HVO.
Medarbeidarar i prosjektet – Gruppe for livsløpsforsking
Prosjektgruppa har i dag åtte medlemmer og er fleirfagleg samansett. Forskingsgruppa er organisert rundt det longitudinelle forskingsprosjektet Sårbare menneske. Professor Rune Kvalsund (pedagog), professor emeritus Jon Olav Myklebust (sosiolog) og professor Finn Ove Båtevik (samfunnsgeograf) har vore med heilt frå starten midt i 1995. Dei fem andre i prosjektgruppa er professor Irene Bele (spesialpedagog), førstelektor Vidar Myklebust (psykolog), høgskulelektor Eli Fjeldseth Røys (statsvitar), høgskulelektor Gerd Skjong (master i sosialt arbeid) og doktorgradsstipendiat Emmy Langøy (vernepleiar). Longitudinelle databasar gjer at nye forskingsmedarbeidarar ikkje alltid treng å samle eigen empiri, og derfor kan dei kome raskt i gang med analysane utan tidkrevjande søknadsrundar for å få ekstern finansiering. På sentrale forskingsfelt der ein har etablert ein database, kan masterstudentar, stipendiatar og andre fagtilsette kollegaer bli tilkopla. Dette er ikkje minst viktig for den interne vidarekvalifiseringa av tilsette og rekruttering av nye fagfolk. Både kvantitative og kvalitative tilnærmingsmåtar i livsløpsforskinga er relevante og har blitt nytta i løpet av dei 20 åra gruppa har vore i arbeid. Spesielle tema blir presenterte og diskuterte på opne møte som gruppa har kalla inn til ved å kombinere eigne bidrag og gjesteførelesarar frå andre institusjonar. Medarbeidarane i prosjektet presenterer sine arbeid også på internasjonale forskingskonferansar, til dømes den årlege ECER-konferansen.
Kontaktpersonar:
Teoretiske perspektiv og sentrale omgrep
Mange empiriske studiar er svakt forankra i teori. Dei kan i enkelte tilfelle seiast å vere på grensa til det ateoretiske og blir ofte delte som kommenterte frekvens- eller krysstabellar. Dette er knappast forsking og er meir i slektskap med utgreiingsarbeid. Det finst også døme på studiar som signaliserer tilhøyrsle til bestemte teoriperspektiv som er populære for tida, men utan at desse perspektiva blir nytta i analysane. Då blir teori mest til utstilling. I andre forskingsarbeid er kategoriar, omgrep og teori noko som veks fram nedanfrå, som skal utviklast undervegs. Teorien er gjerne omtala som ‘grounded’ og meininga med omgrepa er at forskarane skal bruke dei til å forstå og forklare eigne data gjennom kategoriar som er forankra i informantane si livsverd. Teori utvikla på denne måten toler gjerne at teori og omgrep også blir tilført utanfrå og ovanfrå i tillegg, som reiskap til å tolke, forstå og forklare data på måtar som ‘dei innfødde’ ikkje har sett i første omgang. Dette komplementære grepet er langt på veg teoriposisjonen i dette longitudinelle forskingsprosjektet om sårbar ungdom.
Meir spesifikt bygger prosjektet på teori med empirisk forskingsforankring om avvik og normalitet, det å vere funksjonshemma eller funksjonshindra. Livsløps-teoretiske omgrep som liv, handlingar og hendingar, tid og stad, overgangar og overgangstrengsel, vendepunkt, relasjonar, sosial integrasjon, isolasjon, saman-vovne liv, timing og strategisk tilpassing er også sentrale.
Design og datagrunnlag
Midt på 1990-talet vart det innsamla data om så godt som alle elevane som på den tida tok til på vidaregåande opplæring på særvilkår i Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal, Hedmark, Finnmark, Oslo og Rogaland. I alt var dette rundt 2000 særvilkårselevar, og 760 av dei vart valde ut for vidare oppfølging. Prosjektet byggjer på prospektive data. Skulane leverte data om desse elevane i ein treårsperiode. Elevar ved skulane blei også intervjua. Seinare er det blitt gjennomført fire intervjurundar frå ulike aldersfasar: 23 – 24 år, 28 – 29 år, 33 – 34 år, og 36 – 37 år. Då desse tidlegare særvilkårselevane var først i 20-åra, vart også foreldra deira intervjua. I tillegg til desse store kvantitative undersøkingane er det gjennomført kvalitative studiar og gjort analysar av strategiske utval, for eksempel jenter som fekk barn i tenåra og unge vaksne med psykososiale vanskar.
Publisering
Medlemmar i gruppa har publisert i 20 år i ulike format som forskingsrapportar, bokkapittel, redigerte bøker og artiklar i nasjonale og internasjonale tidsskrift med fagfellevurdering, for eksempel i ein spesialseksjon i European Journal of Special Needs Education i 2016. Publiseringa avspeglar såleis også internasjonalt samarbeid og samskriving i nettverk av forskarar.
Det skal også skrivast ei bok i løpet av dei to komande åra som summerer opp forskinga frå prosjektet gjennom kapittel om korleis skuleerfaringar har innverknad på tilpassinga seinare i livet på felt som til dømes sosiale nettverk, arbeid, trygd, familiedanning, mental helse og bustadsituasjon (sjølvstendig liv). I tillegg kjem perspektivartiklar som plasserer forskingsprosjektet og boka på fagfeltet både når det gjeld omgrep, teoretiske føresetnader, design og forskingsmetode og fagleg referanseramme. Førebels arbeidstittel er Med ’livet‘ som innsats.
Utvalde publikasjonar 1996-2019:
Bele, I. V. & Kvalsund, R. (2015). On your own within a network? Vulnerable youths’ social networks in transition from school to adult life. Scandinavian Journal of Disability Research 2015, Vol. 17. (3), 195–220.
Bele, I. V. & Kvalsund, R. (2016). A longitudinal study of social relationships and networks in the transition to and within adulthood for vulnerable young adults at ages 24, 29 and 34 years: compensation, reinforcement or cumulative disadvantages? European Journal of Special Needs Education, Vol. 31(3), 314–329.
Båtevik, F. O. (1998). Kanalisering mot yrkesfag? Om særvilkårselevar i vidaregåande opplæring. I: Kvalsund, R. m. fl. Lærande fellesskap. Volda: Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Båtevik, F. O. (1998). Særvilkårselevar på yrkesfag. Arbeidsrapport nr. 64. Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Båtevik, F. O. (1998). Tilbodsstruktur og særvilkår. Vidaregåande opplæring på særskilt grunnlag i seks fylke. 1994–1996. Arbeidsrapport nr. 23. Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Båtevik, F. O. (2000). Frå særvilkår til fagbrev? Om tidlegare særvilkårselevar på lærekontrakt. Arbeidsrapport nr. 86. Volda: Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Båtevik, F. O. (2002). Å gjete kongens harar. Utfordingar i ein oppfølgingsstudie av ungdom. Arbeidsrapport nr. 129. Volda: Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Båtevik, F. O. (2004). Særvilkårselevar på arbeidsmarknaden: Sårbar ungdom med demografisk flaks? Spesialpedagogikk 2: 8–10.
Båtevik, F. O. (2004). Vegen til arbeidsmarknaden for tidlegare særvilkårselevar. Spesialpedagogikk 2: 11–13.
Båtevik, F. O. (in press). From School to Work: Long-term Employment Outcomes for Former Special Educational Needs Students. Scandinavian Journal of Disability Research.
Båtevik, F. O. & Myklebust, J. O. (2006). The road to work for former students with special educational needs. Different paths for young men and young women? Scandinavian Journal of Disability Research. Vol. 8. No.1: 38–52.
Båtevik, F. O., Kvalsund, R. & Myklebust, J. O. (1997). På særvilkår. Om gråsoner, overgangar og kanalisering i vidaregåande opplæring. Forskingsrapport nr. 23. Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Hagen, T. (1996). Søkning og opptak. Særskilt tilrettelagt i vidaregående opplæring 1994 og 1995. Arbeidsrapport nr. 22. Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Jones, L.Ø. (2003). Særvilkårselever i høyere utdanning – hva kjennetegner dem? En kvalitativ studie av tidligere særvilkårselever som har klart overgangen til høyere utdanning. Hovedfagsoppgave i pedagogikk ved Norsk Lærerakademi, Bergen.
Jones. L.Ø. og Krumsvik, R. (2008). Special needs student in higher education. US China Educational Review, 3(5): 58–67.
Kvalsund, R. (1998). Innestengde i undervisningsrom – utestengde frå læring? Om opplæringskonteksten for særvilkårselevar under Reform 94. Førelesing på den nasjonale konferansen: En læringskultur i utvikling – videregående opplæring ved et veiskillle? Høgskulen i Lillehammer, Lillehammer, 28.–29. april 1998.
Kvalsund, R. (1999). Inkludering–eller ekskludering. I: Kvalsund, R., Deichman-Sørensen, T. og Aamodt, P. O. Videregående opplæring–ved en skilleveg? Oslo: Tano Aschehoug.
Kvalsund, R. (2000). I gråsona: tilrettelegging, differensiering eller "en viss hensynstagen"? Spesialpedagogikk 2: 19–27.
Kvalsund, R. (2000). Særskilt tilrettelagd opplæring – for kven? Reform 94 og "timeplankulturen". Spesialpedagogikk 8: 3–16.
Kvalsund, R. (2000). Særskilt tilrettelagd opplæring under Reform 94 : elevbilete, reformføresetnader og tolkingsrammer? Spesialpedagogikk 7: 20–30.
Kvalsund, R. (2001). Ekskluderande inkludering? Om tolkingsrammer, avvik og normalitet med utgangspunkt i særskilt tilrettelagd opplæring under Reform 94. Normalitet og avvik. Fagdag for PP-tjenesten i Oslo kommune. Røde Kors konferansesenter, Oslo 12.desember 2000.
Kvalsund, R. (2001). Pupils with special needs – transitions to adult life. Agency on special terms? NRC-seminar on agency perspectives in welfare and marginalisation research. NFR programseminar for Velferdsprogrammet. Voksenåsen, Oslo, October 30–31, 2001.
Kvalsund, R. (2002). Innordning, tilpassing – eller motstand mot ekskludering? Einspråklege og tospråklege særvilkårselevar om skuledelen av særskilt tilrettelagd opplæring under Reform 94 – ei samanlikning. Arbeidsrapport nr. 109. Volda: Møreforsking.
Kvalsund, R. (2002). The transition of pupils with special educational needs within upper secondary school–a process of inclusion? Research from the national evaluation of the Reform 94 of upper secondary education in Norway. European Conference of Educational Research, (ECER), 2002. Network 14: Communities and their schools.
Kvalsund, R. (2002). Utdanningsavbrot–ein kvalitet ved vidaregåande opplæring? Spesialpedagogikk 5: 29–46.
Kvalsund, R. (2004). Inclusion – in disabling schools. Research from the national evaluation of the 1994 reform of upper secondary education in Norway. Scandinavian Journal of Disability Research 6: 151–181.
Kvalsund, R. (2005). Following ‘special needs students’ from school to adult life – a marginalizing transition? The relationship between earlier school experiences and spare time social networks at the beginning of adult life. Forskingsrapport nr. 61. Volda: Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Kvalsund, R. (2005). What happens when young people with special educational needs leave school and begin their adult lives? A longitudinal study of adolescent´s social relationships across this transition in Norway. Invited lecture as Visiting Academician, University of Cambridge, Faculty of Education, 13. april, 2005.
Kvalsund, R. (2013). Sosial læring – funksjonshemma unge eller funksjonshemmande skular? Spesialpedagogikk 5: 24–29
Kvalsund, R. & Bele, I. V. (2013). Kvalifisering til sosialt liv i vaksen alder – ein longitudinell studie. Spesialpedagogikk 5: 36–42.
Kvalsund, R. & Bele, I. V. (2010a). Adaptive Situations and Social Marginalisation in Early Adult Life: Students with Special Educational Needs. Scandinavian Journal of Disability Research; 12 (1): 59–76.
Kvalsund, R. & Bele, I. V. (2010b). Students with Special Educational Needs – Social Inclusion or Marginalisation? Factors of Risk and Resilience in the Transition Between School and Early Adult Life. Scandinavian Journal of Educational Research; 54(1): 15–35.
Kvalsund, R., Deichmann-Sørensen, T. & Aamodt, P. O. (1999) (red). Videregående opplæring – ved en skilleveg? Forskning fra den nasjonale evalueringen av Reform 94. Oslo: Tano Aschehoug.
Kvalsund, R. & Hargreaves, Linda (2014). Theory as the source of ‘research footprint’ in rural settings. I: White, Simone & Corbett, Michael (Eds.) Doing educational research in rural settings: Methodological issues, international perspectives and practical solutions. Routledge 2014 ISBN 978-0-415-82351-7. s. 41–57.
Kvalsund, R. & Myklebust, J. O. (1996). Nedst ved bordet? Vidaregåande opplæring på særskilde vilkår under Reform 94. I: Blichfeldt, J.F. (red.): Utdanning for alle?
Evaluering av Reform 94. Oslo: Tano Aschehoug.
Kvalsund, R. & Myklebust, J. O. (1997). Reseach on Pupils with Special Needs. Condtions and Transitions in Different Contexts. ECER symposium Frankfurt 1997. Notat nr. 18. Volda: Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Kvalsund, R. & Myklebust, J. O. (1998). Om forsking i motstraum? Om forskingsprosessen i prosjektet Reform 94 – særskilt tilrettelagd opplæring. Forskingsrapport nr 37. Volda: Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Kvalsund, R. & Myklebust, J. O. (2013). Brillene vi ser med – teoretiske perspektiv og sentrale omgrep. Spesialpedagogikk 5: 20–23.
Kvalsund, R. & Myklebust, J. O. (2013). Eit longitudinelt forskingsprosjekt: Sårbare menneske – frå ungdomstid til vaksenliv. Spesialpedagogikk 5: 18–19.
Langøy, E. E., R. Kvalsund og J. O.Myklebust (2016). Tilpasning til voksenlivet – samspillet mellom generelle lærevansker, psykososiale vansker og spesialpedagogiske hjelpetiltak. Tidsskrift for velferdsforskning, 19(3), 221-240.
Langøy, E. E. og Kvalsund, R., (2018). Vulnerable Youth – Dependency or Independence? School Experiences, Transitions and Adaptation to and within Adult Life. Scandinavian Journal of Disability Research, 20(1), pp.296–305. DOI: http://doi.org/10.16993/sjdr.34
Langøy, E. E. (2017). Mellom mestring og avmakt: Faktorer som påvirker integrasjon i ordinært arbeid hos tidligere ‘særvilkårselever’ i videregående skole. Spesialpedagogikk, 82(5).
Langøy, E. E. (2018 a). Annleis er ikke noe man er, men noe man blir? Strategier i identitetsforhandlinger blant voksne kategorisert med generelle lærevansker eller psykososiale vansker i videregående skole. Fontene Forskning, 11(1), 42-55.
Langøy, E. E. (2018 b). Livsløp i ulendt terreng? Tidligere særvilkårselevers ferd mot voksenlivet. PhD-avhandling. NTNU
Myklebust, J. O. (1997). Overgang på særvilkår. Oppflytting og utdanningsavbrot i vidaregåande opplæring. I: Lødding, B., Tornes, K.(red.). Idealer og paradokser. Aspekter ved gjennomføringen av Reform 94. Oslo: Tano Aschehoug.
Myklebust, J. O. (1999). Særvilkårselevar i vidaregåande–vegar og vegval. I: Kvalsund, R., Deichman-Sørensen, T. & Aamodt, P.O. (red.). Videregåande opplæring – ved en skilleveg? Oslo: Tano Aschehoug.
Myklebust, J. O. (2000). Foreldra som bakkemannskap. Spesialpedagogikk 4: 3–9.
Myklebust, J. O. (2000). På særvilkår gjennom vidaregåande opplæring. Spesialpedagogikk 2: 3–8.
Myklebust, J. O. (2000). Resources and Results. Students with different forms of Specially Adapted Teaching in Upper Secondary Education. I: Ainscow, M. & Mittler, P. (eds.). Proceedings of 5th International Special Education Congress: Including the Excluded. University of Manchester, 24.7–28.7.2000. Utgitt som CD. ISBN: 1-903618-13-4.
Myklebust, J. O. (2000). Skuledistansering. Om intendert avbrot blant elevar i vidaregåande opplæring. Spesialpedagogikk 6: 3–8.
Myklebust, J. O. (2002). Inclusion or Exclusion? Transitions among Special Needs Students in Upper Secondary Education in Norway. European Journal of Special Needs Education. Vol. 17, No. 3: 251–263.
Myklebust, J. O. (2002). Independent living? The transition to adulthood among special needs students in Norway. 21st Nordic Sociological Conference, Reykjavik.
Myklebust, J. O. (2002). Inkludering i vidaregåande opplæring. Spesialpedagogikk. 4: 20–25.
Myklebust, J. O. (2003). A Longitudinal Study of Adolescents with Special Needs in Upper Secondary Education. Marginalization and Social Exclusion. International conference in Ålesund 21.– 23. mai 2003.
Myklebust, J. O. (2003). Gender and special educational needs. Competence attainment among special needs students in Norway. The 6th Conference of the European Sociological Association, Murcia: Aging Societies, New Sociology: Book of the Abstracts.
Myklebust, J. O. (2003). Intragenerational mobility and special educational needs – A Life Course perspective. A symposium in honour of Professor Tore Lindbekk, NTNU.
Myklebust, J. O. (2003). Jóvenes con discapacidad en Noruega: Discapacidad, género y logro de competancia. SigloCero, Vol. 34, Número 208:34–47.
Myklebust, J. O. (2003). Konferanse om forsking og funksjonshemming i Salamanca. Spesialpedagogikk 7: 37–39.
Myklebust, J. O. (2003). Oppfølgingsstudiar av risikoutsett ungdom. Ei litteraturdrøfting. Tidsskrift for velferdsforskning. Vol 6. Nr. 1: 43–55.
Myklebust, J. O. (2003). Special Needs Students in Vocational Education and Training in Norway–A Longitudinal Study. European Journal Vocational Training. 30: 32–44. (Artikkelen finst også i den tyske, franske og spanske utgåva av dette tidsskriftnummeret.)
Myklebust, J. O. (2004). Elevar med særskild tilrettelegging: Ordinærklasse eller spesialklasse? Spesialpedagogikk 2: 4–6.
Myklebust, J. O. (2004). From School to Adult Life. Transitional Processes among Adolescents with Special Educational Needs. Forskingsrapport nr. 155. Volda: Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.
Myklebust, J. O. (2006). Class placement and competence attainment among students with special educational needs. British Journal of Special Education. Vol. 33, No. 2:76–81.
Myklebust, J. O. (2007). Divergent Paths: Competence attainment among students with special educational needs. International Journal of Inclusive Education. Vol. 11, No 2: 215 – 231.
Myklebust, J. O. (2010). Evaluación de la inclusión en Bachillerato y sus efectos. Experiencias sobre la Investigación Longitudinal Noruega. Revista educación inclusiva. Vol. 3, No. 1:11 – 22. (Engelsk: side 23 – 32)
Myklebust, J. O. (2012). The transition to adulthood for vulnerable youth. Scandinavian Journal of Disability Research. No.1:1 – 17.
Myklebust, J. O. (2013): Disability and adult life: dependence on social security among former students with special educational needs in their late twenties. British Journal of Special Education. Vol. 40. No. 1:4 –12.
Myklebust, J. O. (2014). How Physical Disabilities Influence Social Security Receipt among Vulnerable People in their Late Twenties. Journal of Developmental and Physical Disabilities. Vol. 27 (1) s. 1–14.
Myklebust, J. O. (2014). Livsløp i utakt: trygderisiko blant menneske som har hatt særskild tilrettelegging i vidaregåande opplæring. Spesialpedagogikk 3: 47–57
Myklebust, J. O. (2015). How disability and school-related variables influence social security dependence among vulnerable young people in their late twenties. Emotional and Behavioural Difficulties, 20 (3) 252–264.
Myklebust, J. O. (2018). Too early or too late? Transition to parenthood among former students with special educational needs. British Journal of Special Education 45(2):192 –209. DOI: 10.1111/1467-8578.12219
Myklebust, J. O., Båtevik, F. O. & Røys, E. F. (2013). Arbeid eller trygd. Spesialpedagogikk 5: 31–35.
Myklebust, J. O. & Båtevik, F. O. (2005). Economic Independence for Adolescents with Special Educational Needs. European Journal of Special Needs Education. Vol. 20, No. 3, August 2005, pp. 271–286.
Myklebust, J. O. & Båtevik, F.O. (2009). Earning a living for former students with special educational needs. Does class placement matter? European Journal of Special Needs Education. Vol 24. No. 2: 203 – 212.
Myklebust, J. O. & Båtevik, F.O. (2014). Economic independence among former students with special educational needs: changes and continuities from their late twenties to their mid-thirties. European Journal of Special Needs Education. Vol. 29. (3) 387–401.
Myklebust, J. O., Kvalsund, R. & Båtevik, F. O. (2000). Adult life on special terms? The way into society for pupils with special needs in upper secondary school. Notat. Volda: Møreforsking Volda.
Myklebust, V. K (2013). Psykisk helse i 30-årsalderen. Ein longitudinell studie av tidlegare elevar med særskild tilrettelegging i vidaregåande. Spesialpedagogikk 5: 43–44.
Myklebust, V.K. & Myklebust, J.O. (2017). Mental health among former students with special educational needs who are now in their mid-thirties. British Journal of Special Education, 44(2), 126-143.
Myklebust, J. O. & Solvang, B. (2005). Young Mothers with Special Educational Needs. Young. Nordic Journal of Youth Research. Vol 13 (1): 73–87.
Myklebust, J. O. og Kvalsund, R. (2000). Særvilkårselevar med fysiske funksjonsvanskar opplæringsvilkår under Reform 94. Volda: Møreforsking Volda.
Remøy, A.-K. (2003). Avvikskapande prosessar i overgangen mellom skule og vaksenliv. Minoritetsspråklege særvilkårselevar har ordet. Hovedfagsoppgave i Flerkulturell og utviklingsrettet utdanning. Vårsemesteret 2003. Høgskolen i Oslo.
Røys, E. F. (2012). Ungdom med særskilte behov – frå trygd til arbeid. Spesialpedagogikk 5: 33–41.
Røys, E. F. (2015). Arbeid til unge som starta vidaregåande med særskilt opplæring – om foreldreforventningar og tilpassingsprosessar. Fontene forsking 15 (1): 48–59.
Røys, E. F., Myklebust, J. O. (2014). «Trygd og sosialhjelp blant sårbar ungdom». Tidsskrift for velferdsforskning. 14 (2): 47–62.
Skjong, G. (2018). Livsvegar frå vidaregåande til Nav-tiltak. Spesialpedagogikk. 6: 52–64.
Skjong, G. & Myklebust, J.O. (2016). Men in limbo: former students with special educational needs caught between economic independence and social security dependence. European Journal of Special Needs Education, Vol. 31(3), 302–313.
Solvang, B. (2004). Særvilkårselev og ung mor. Spesialpedagogikk 2: 14–21.
Resultat – nokre hovudmoment
Data i dette prosjektet er samla inn prospektivt og er slik sett meir robuste data enn retrospektive (tilbakeskodande) data. Men dei er ikkje henta frå eit stort tilfeldig utval. Dette set grenser for kven vi kan seie resultata gjeld for, det vi omtalar som generalisering. Å samle data om sensitive tema som spesialpedagogisk tilrettelegging er krevjande fordi det kan oppstå konfliktar om korleis informasjon skal tolkast, ikkje minst når forskinga går over fleire år og er longitudinell. Svarprosenten i prosjektet er akseptabel samanlikna med mange andre longitudinelle studiar av såkalla risikogruppe og fråfallsanalysar og viser berre små skeivskapar i utvalet ved endringar over tid. Resultata frå prosjektet kan derfor generaliserast når dei blir drøfta og kombinerte med resultat frå andre studiar. Våre resultat er såleis ikkje sikre årsaksforklaringar, men viser tendensar og sannsynlege samanhengar. Det betyr også at når vi studerer komplekse samanhengar over tid, vil ein alltid finne avvikande enkelt-tilfelle, ikkje minst fordi det tilfeldige også speler inn. Enkeltpersonar kan såleis ha gjort andre erfaringar enn det resultata frå prosjektet viser. Men det er tendensane og ikkje unntaka som viser samanhengane mellom vilkår, prosessar og resultat. Slik er den samfunnsvitskaplege forskinga å forstå.
Dette forskingsprosjektet har undersøkt fleire resultatområde. Døme på dette er 1. Formell kompetanseoppnåing; 2. Arbeid til å leve av; 3. Trygd; 4. Sosialt nettverk, isolasjon og marginalisering. Prosjektet er opptatt av å studere korleis erfaringane og hjelpetiltaka frå skule og opplæring, overgangar og kontekstendringar i livsløpet for desse særvilkårselevane påverkar identiteten og tilpassinga på desse resultatområda tidleg og seinare i vaksenlivet. Dei fleste kvantitative analysane over tid er baserte på logistiske regresjonsanalysar der vi viser kva samtidig, relativ forklaringskraft ulike faktorar har på dei resultatvariablane som er undersøkte.
Vi har også gjort analysar av dei vidaregåande skulane som opplæringsarenaer, det vi kallar systemdiagnosar. Å studere særvilkårselevane sine erfaringar gjer funksjonshindrande trekk ved systema og skulane tydlegare og dermed lettare å identifisere. Desse analysane gir grunnlag for å hevde at i eit fleirtal tilfelle kan skulane omtalast som funksjonshemmande skular på grunn av ein ‘mekanisme’ vi har omtalt som timeplankulturen. Det same gjeld kanaliserings-mekanismen som viser at utan skjønleg grunn blei særvilkårsjenter slusa inn på sosialfaglege studievegar og særvilkårsgutane inn på mekanisk-faglege løp i betydeleg fleire tilfelle enn såkalla ordinærvilkårs-elevar. Dette representerer ei vesentleg forsterking av tradisjonelle kjønnsrolle-mønster. Vår undring er kvifor dette skjer med særvilkårselevane – er det utilsikta konsekvensar? Det kan også vere tale om diskontinuitetar, brot og avvik over tid i samsvar med dei underliggande normene for når livsetappar bør starte og vere avslutta. Spørsmålet er om aktørane er on time eller off time, her i vidaregåande opplæring, arbeid eller familiestifting. Avvika kan også vere negative spiralar (cumulative disadvantage). Dette kan vise seg for eksempel i mønster for korleis personar med svært avgrensa relasjonar ansikt-til ansikt også står utan internettformidla relasjonar. I andre tilfelle blir utviklinga positiv trass i periodar der negative faktorar er verksame eller at aktørane kjem inn i positive endringsspiralar (cumulative advantage). Då kan det vere tale om resiliens – utvikling i seinare fasar trass i tidlegare vanskar.
Det vil i all fall vere forskjellar mellom personar med ulike erfaringar frå oppvekststad, skule og utdanning, familiebakgrunn og arbeidserfaring. Her følgjer nokre døme på resultat frå prosjektet:
- Longitudinelle studiar gir ny innsikt, for eksempel når det gjeld utdanningsløp over tid. I alderen 23 – 24 år er det nesten halvparten av særvilkårselevane som har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Men berre tredjedelen av dei som i denne alderen var med i undersøkinga, hadde slik kompetanse tre år tidlegare. Dette viser at grensa for fullføringstid på vidaregåande nivå truleg er sett for lavt i Noreg. Ungdom treng tid for å finne ut av kva det skal bli til i livet – det gjeld ikkje minst dei som er særvilkårselevar. Ein allmenn mekanisme i det norske systemet blir tydlegare når vi analyserer den tilsvarande situasjonen for særvilkårselevar.
- På utdanningsfeltet ser ein også at pedagogiske hjelpetiltak ikkje fungerer særleg godt for dei fleste av særvilkårselevane. Kompetanseoppnåinga er for eksempel betre i ordinærklasser enn i spesialklasser, og det gjeld særleg blant jentene.
- Tilpassingane arbeid og trygd dekkjer eit stort spekter av livsbaner, prega av stabilitet for nokre og omskiftingar for andre. Kjønn er ein viktig variabel. Mennene er i større grad enn kvinnene i arbeid. Samtidig er det interessant å merke seg at formell kompetanse i form av fullført vidaregåande opplæring, er særleg viktig for at kvinnene kjem i arbeid, medan ein annan type kompetanse i form av det å ha førarkort er langt viktigare for mennene.
- Trygderisiko er også undersøkt for undergrupper i materialet: Særvilkårselevar med generelle lærevanskar og psykososiale vanskar har to-tre gonger større risiko for trygding enn dei som ikkje har slike vanskar. Kvinner har klart større risiko for trygding enn menn.
- At desse unge tidlegare gjekk i spesialklasse, hadde lærarassistent eller har etterslep i utdanninga si, aukar også klart risikoen for å bli trygda. Dette er konsekvensar fleire år etter skulegangen er avslutta.
- Det å ha gått i spesialklasse på vidaregåande aukar risikoen vesentleg for å bli sosialt marginalisert og isolert i overgangen frå vidaregåande skule til tidleg i 20-åra.
- Ved overgangen frå tidleg til seint i tjueårsalder endrar forklaringsbiletet seg ved at i konteksten og livssituasjonen er ein annan: Endra livssituasjon (familiedanning og arbeid) overstyrer verknadane av å ha gått i spesialklasse. Er du utan arbeid og eigen familie i slutten av 20-åra, er risikoen vesentleg større for sosial isolasjon og marginalisering. Tidsfjerne forklaringsfaktorar blir såleis svekte og tidsnære faktorar får dominerande forklaringsstyrke.
- Om vi samanliknar dei sosiale nettverka som er skapte ansikt-til-ansikt med dei som er internett-formidla eller ansiktslause, finn vi ulike utfall. Størst risiko for ikkje å vere i internett-formidla nettverk finn vi mellom menn eller tidlegare særvilkårselevar som er i små ansikt-til-ansikt nettverk og som har generelle lærevanskar eller psyko-sosiale vanskar. Her finn vi såleis forsterking av uheldig tilpassing (cumulative disadvantages). Internett-formidla relasjonar og nettverk kunne ha kompensert for marginalisering og isolasjon i små ansikt-til-ansikt nettverk, men gjer det hovudsakleg ikkje - sjølv om vi finn nyanserande unntak.
Det er også gjort kvalitative studiar (opne intervju og analyse av narrativ) som understøttar og nyanserer dei kvantitative resultata. Det er verdt å merke seg det paradoksale at spesialpedagogiske tiltak som er sette i verk med gode hensikter (spesialklasse, lærarassistent) oftast har motsett verknad: det forsterkar risikoen for sosial isolasjon og marginalisering, risikoen for å hamne på trygd og risikoen for ikkje å ha sjølvstendig liv med eigen bustad seinare i livet. Eit viktig poeng i dei kvantitative analysane er at vi har kontrollert for fleire bakgrunnsopplysningar, til dømes kva andre funksjonsvanskar ungdomane hadde ved starten av vidaregåande opplæring.
Doktoravhandling 2018: Livsløp i ulendt terreng?
Emmy Elizabeth Langøy er med i Gruppe for livsløpsforsking ved Høgskulen i Volda (HVO) og disputerte for doktorgraden 23. november 2018, ved Institutt for sosialt arbeid, NTNU, Trondheim med prøveførelesing og disputas på Tunga campus. Emmy har etter fullført mastergrad i helse- og sosialfag ved HVO, vore stipendiat ved Institutt for sosialfag, Avdeling for Samfunnsfag og Historie (ASH), (HVO) og ved Institutt for sosialt arbeid, NTNU og i 3 år. Les meir