Forskingsetiske retningslinjer for HVO
Høgskulen i Volda:
- skal fremje kunnskap om, interesse for og debatt om etikk knytt til høgskulen sine kjerneoppgåver: forsking/utvikling, formidling og undervisning.
- sluttar seg til dei forskingsetiske retningslinjene som er utarbeidd av Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (NESH): Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap og humaniora, frå 2021.
- sitt arbeid med forskingsetiske spørsmål er forankra i leiinga. Ansvaret for oppfølging av forskingsetiske retningslinjer er lagt til Forskingsutvalet.
Forskingsutvalet skal:
- fremje tiltak som skjerpar medvitet om forskarane sitt ansvar for bruk av forskingsresultat og om uærleg og/eller etisk problematisk forskingspraksis.
- fungere som rådgjevande organ for fagmiljøa, for enkeltpersonar og for styret ved Høgskulen i saker som vedrører uetisk forskingspraksis ved Høgskulen i Volda. FU skal syte for at eventuelle saker, dersom ein involvert part bed om det, vert granska av det nasjonale organet som arbeider med slike saker.
- vere orientert om nasjonale forskingsetiske spørsmål og om internasjonale forpliktingar på det forskingsetiske feltet.
- arbeide for at forskinga ved Høgskulen i Volda foregår innanfor ramma av nasjonale lover, etiske retningslinjer utarbeidde av dei nasjonale forskingsetiske komiteane og eigne forskingsetiske retningslinjer.