Personvern i forsking
Personopplysningar er alle opplysningar som kan knytast til ein enkeltperson. Døme på dette er namn, e-post, fødselsnummer og telefonnummer. Det er også mogleg at ein kombinasjon av bakgrunnsopplysningar kan knytast til ein person. Dersom du skal samle inn, registrere, behandle, eller lagre personopplysningar i student- eller forskingsprosjektet ditt, må du melde prosjektet til Sikt, personverntjenester for forsking (tidl. NSD). Sikt er HVO sin personvernrådgjevar for forsking.
Meldeskjema skal sendast til Sikt seinast 30 dagar før innsamlinga av personopplysningar skal starte. Sikt vil gjere ei vurdering av om den planlagde behandlinga er i tråd med krav i personvernregelverket. Framgangsmåten med å sende melding til Sikt er bestemt av leiinga ved Høgskulen i Volda. Dersom prosjektet omfattast av helseforskingslova må ein søke om førehandsgodkjenning frå REK.
Merk: Sikt har fått på plass ei maskinell vurdering av meldeskjema for prosjekt med lav risiko og personvernulempe. Slike prosjekt vil kunne få ei automatisk vurdering utan at rådgjevar manuelt går gjennom meldeskjema og vedlegg. Student/forskar må sjølv sikre at informasjonsskrivet inneheld lovpålagt informasjon. Les meir om automatisk vurdering her.
Kontaktpersonar
Kontaktperson for Sikt Personverntjenester er forskingsrådgivar Sunniva Hagen.
Personvernombodet ved Høgskulen i Volda er Cecilie Røeggen.