Forskingsgruppe for fagdidaktikk i Kunst og handverk

Forskingsgruppa har kunst- og designdidaktikk som fellesnemnar. Ordsamansettinga kunst- og designdidaktikk refererer til forskingsfellesskapet som i seinare år er etablert omkring designprofesjon, og kunst- og handverksfaget i heile skuleløpet. Forskingsgruppe for fagdidaktikk i Kunst og handverk handlar om å forske på den gode praksisen (best practice) i faget, og utvikle kunnskap om læringsstrategiar, læringsprosessar og fagkunnskapar.

Bakgrunn

Mykje tyder på at kunst- og handverksfaget har svakt omdøme, og manglar status, plass og fagleg verdi i skulekonteksten. Ved skulereforma i 2006 innfører norsk skulepolitikk nokså drastiske endringar både når det gjeld målstyrt undervisning og prioritering av enkelte kunnskapsområder. Delar av skulen sitt innhald vert definert som basisfag, og basis inkluderer norsk, matematikk og engelsk. I allmennlærarutdanninga vert kunstfaga fjerna som obligatoriske, allereie før skulereforma vert innført. Ved same skulereform får også ord-konstruksjonen «grunnleggende ferdigheter» betydeleg plass, både i nasjonale læreplandokument og lokale styringsdokument. Dei grunnleggjande ferdigheitene omfattar ikkje omgrep som er tydeleg forankra i dei praktiske og estetiske faga. Å kunne skape, praktisere, visualisere eller designe er utelate. Den teoritunge prioriteringa har hatt brei politisk semje, og til skilnad frå tidlegare reformtiltak synast praksisfeltet denne gongen å ha endra praksis relativt raskt.

Formål

  • Bidra til utvikling av forskingsfeltet gjennom publikasjonar og konferansebidrag

  • Tilby eit kollegialt forum for høgskuletilsette innan kunst- og designdidaktisk forsking

  • Bygge og utvikle eit miljø for kompetanseheving og forskarrekruttering

Medlemmar

Karen Brænne leiar

Janne Heggvoll

Sissel Midtlid

Rita Slotterøy

Knut Einar Lillebø-Voll

 

Samarbeidspartar

Åsta Rimstad (USN)

Kjetil Sømoe (HVL)

Nettverket DesignDialog

 

Aktive prosjekt

  • Vilkår for kunnskapsutvikling i KOH-verkstaden.

  • Didaktisk improvisasjon i møte med det praktiske arbeidet.

  • Virkelighetsnære oppdrag i Kunst og håndverk.

  • Utvikling av ressursnettstaden khdele.no.