Matematikkdidaktikk

Formål

Formålet er å generere forskingsbasert kunnskap om barn og unge si forståing og læring av matematikk og korleis skule og barnehage kan arbeide for å legge til rette for slik læring.

Aktivitetar

Medlemmene i gruppa arbeider med ulike prosjekt. Når vi møtest tek vi opp tema og saker som er aktuelle for gruppa og som er eigna for å utvikle gruppa. Vi har faglege innslag der ein av medlemmane presenterer eige arbeid og får respons frå dei andre. Presentasjonen kan vere av arbeid i alle stadier, frå idé via datainnsamling og til tekstproduksjon. Det er også aktuelt å invitere eksterne forskarar/fagpersonar frå andre institusjonar og avdelingar som kan halde innlegg om ulike tema. Medlemmene i gruppa er aktive i realfagsseminara på realfagsinstituttet.

Medlemmer

Førsteamanuensis Oda Heidi Bolstad, leiar, for tida i permisjon
Førsteamanuensis Ingeborg Lid Berget, for tida leiar
Førsteamanuensis Runar Lie Berge
Førsteamanuensis Andreas Brandsæter
Høgskulelektor Arve Fiskerstrand, ph.d.-student
Stipendiat Martyna Fojcik, ph.d.-student
Førsteamanuensis Beate Krøvel Humberset
Førstelektor Antje Meier
Førsteamanuensis Hilde Opsal
Førstelektor Frode Opsvik
Stipendiat Kim André Refvik, ph.d.-student
Dosent Leif Bjørn Skorpen
Førstelektor Odd Helge Tonheim, for tida rektor
Dosent Arne Kåre Topphol

Eksterne samarbeidspartar

Dosent Bjørn Smestad, OsloMet, dosent II ved HVO

Prosjekt

Programmering for matematisk forståelse
Matematisk modellering