EMPATI-prosjektet
Formål
Formålet med forskingsgruppa "EMPATI-prosjektet" er å undersøkje på kva måtar studentar og lærarar i profesjonsutdanningar dannar og vidareutviklar empati som del av sin profesjonsfaglege kompetanse.
Medlemmer
Leiar
Interne
- Professor Torhild Høydalsvik, Institutt for pedagogikk (leiar)
- Professor Roar Stokken, Institutt for sosialfag (nestleiar)
- Høgskulelektor Kristin Ljoså Sørheim, Institutt for sosialfag
- Førstelektor Knut Hunnes, Institutt for sosialfag
- Høgskulelektor Hilde Gry Leer-Salvesen, Institutt for pedagogikk
Eksterne
- Dosent Kirsten Flaten, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, HVL
- Høgskulelektor Therese Lundøy, Institutt for velferd og deltaking, HVL
- Høgskulelektor Marit Irene Uglum, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, HVL
- Høgskulelektor Astrid Bakken, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, HVL
Prosjekt
EMPATI-prosjektet tek utgangpunkt i ei samarbeidsavtale mellom Høgskulen i Volda og Universidad de Granada, Spania. Prosjektet er eit norsk delprosjekt til det internasjonale hovudprosjektet: “El desarrollo personal en la formación inicial del docente: la empatía del estudiantado y del profesorado ” [Personleg utvikling i lærarutdanninga: student- og lærarempati]. Prosjektleiar der er professor María Purificación Pérez García og hennar forskargruppe ved universitetet i Granada. Prosjektet er finansiert av det spanske utdanningsministeriet.
Det faglege formålet er å generere empirisk kunnskap om korleis profesjonsutøvarar dannar og utviklar empati som del av si profesjonsfaglege kompetanse. Både kognitiv og emosjonell empati vert undersøkt. Ein samarbeider med forskarar ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal som pr. i dag utgjer fire forskarar. Gruppa høyrer til eit forskingsnettverk med forskarar frå sju land i Europa, Sør Amerika og Mellom- Amerika: Spania, Mexico, Tsjekkia, Serbia, Colombia, Portugal og Noreg.
Aktivitetar
1. Gruppa undersøkjer utviklinga og danninga av empati i profesjonsutdanningane barnevern, sosionom, vernepleie, barnehagelærar, grunnskulelærar og praktisk- pedagogisk utdanning.
2. Forskargruppa har ein møteplan med zoommøte kvar 6. veke. Våren 2023 analyserast dei innkomne dataane frå første sekvens med datainnsamling, studentdata frå studentar i første semester i seks ulike profesjonsutdanningar, ein survey gjennomført hausten 2022.
3. Gruppa vil ha ei fysisk samling med forskarane frå Sogndal for analysere og publisere saman.
4. Utover året arbeider gruppa med felles artikkel, som blir første artikkelen for forskargruppa.
5. I 2023 vil ein samle data som 2. sekvens: Survey til lærarane i profesjonsutdanningane og praksislærarane i utdanningsprogramma: Barnevern, sosionom, vernepleie, barnehagelærar, grunnskulelærar og praktisk-pedagogisk utdanning.
6. Våren 2023 skal gruppa møte dei andre forskarane i det internasjonale prosjektet. Desse nyttar same spørjeskjema. Samlinga blir ved universitetet i Granada, og vil ha deltakarar frå Spania, Mexico, Tsjekkia, Serbia, Colombia, Portugal og Noreg.
7. Hausten 2023 skal gruppa ta til med samanliknande analysar med mål om å generere kunnskap på tvers av landa, med målsetjing om internasjonal sampublisering.