Profesjonsforsking
Eit av formåla med gruppa er å utvikle profesjonskunnskap som kan kome til nytte både for lærarutdanningane og praksis. Eit anna formål er kompetanseheving og publisering, og dessutan deltaking i aktivitetar som kan støtte opp om desse områda. Gruppa forskar i hovudsak på område innan kvalifisering, profesjonsutøving, kunnskapstypar, kunnskapen sin status og profesjonsetikk/skjønn. Medlemane i gruppa er involverte i nokre felles prosjekt, men også i meir frittståande forsking.
Tillit i utdanning
Frå 2022 og i nokre år framover driv forskingsgruppa eit overordna prosjekt om tillit i utdanningssamanheng. Vi studerer relasjonar mellom individ, samfunnsmessige strukturar og teoretiske idear i tillitsperspektiv. Dei ulike prosjekta undersøker dette i barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og i UH-sektoren.
Utdanningsbarnehagar og -skular blir invitert til å ta del som medforskarar, og vi samarbeider også med eksterne forskarar frå andre UH-institusjonar.
Prosjektet er førebels finansiert av interne FOU-midlar.
Underprosjekt:
- Tillit til barnehage
- Tillit til lærere i yrkesfag og studiespesialiserende videregående skole
- Tillitsreformen – ein måte å utøve læraryrket på?
- Tillit mellom praksislærarar og tilsette i UH
- Tillit og rettleiing, bruk av verktøyet MOSO
- Relasjonelt mot og tillit
- Tillit til lærere, reviewprosjekt
Andre prosjekt
Somme av medlemane i forskingsgruppa er involverte i andre prosjekt som er knytte til profesjonskunnskap:
Forskingsgruppa har møte omlag ein gong per månad og arrangerer også interne skriveseminar.
- Utforsking i barnehagen, Septina Selma Einarsdottir
- Kompetanse, arbeidsdeling og ledelse i barnehager (KALIBER), Gerd Sylvi Steinnes. Samarbeid med forskarar ved DMMH, USN og OsloMet
- Rettleiing i høgare utdanning, Kari Buset, Kari Pauline Longva og Gerd Sylvi Steinnes
- Ein kvalitativ studie av barnehagelærarar si forståing og opplevde konsekvensar av arbeid med standardiserte program, stipendiat Elin Førde
- Skoleledelse i møte med evnerike elever, Ingrid Kvam Steinshamn. Samarbeid med forskarar ved NLA
- Forebygging gjennom tilhørighet. Gode relasjoner i yrkesfaglig videregående skole. Torbjørg Bakke, Kari Bachmann og Stine Ekornes
- Keep studying, Erasmus. The project aims to address the problem of early school leaving by implementing prevention and early intervention strategies wich will leverage: 1) Early interception, monitoring, and assessment of students in at-risk-situations; 2) individualized and modular support pathways based on the specific school dropout behavior.
- Deltakarar: HVO ved Ester Alnes Osnes, Kari Hasle og Nathalie Homlung, Ørsta vidaregåande skule, Zoli Adone upper secondary school, Abruzzo, Italy, Ilmiolavoro srl, Abruzzo, Italy
- SMART-prosjektet: Student, mestring, akademia, realisering og tilrettelegging (SMART) Beate Farstad i samarbeid med blant andre prosjektleiar frå NLA, Liv I. A. Håberg og Kari E. Rygh
Leiarar
Professor Gerd Sylvi Steinnes og førsteamanuensis Stein Conradsen.
Medlemar
- Professor Gerd Sylvi Steinnes
- Førsteamanuensis Stein Conradsen
- Professor Erik Fooladi
- Høgskulelektor Kari L. Buset
- Høgskulelektor Kari Pauline Longva
- Høgskulelektor Torbjørg Bakke
- Høgskulelektor Kirsti Nygjerde
- Høgskulelektor Ester Alnes Osnes
- Høgskulelektor Ingrid Kvam Steinshamn
- Ph.d.-stipendiat Elin Førde
- Masterstudent Septina Selma Einarsdottir
- Høgskulelektor Ann Helen Lonbakken Næss
- Høgskulelektor Beate Farstad
- Høgskulelektor Berit Huse