Noregs forskingsråd (NFR)
Forskingsadministrasjonen bistår forskarar ved høgskulen som skriv søknader til NFR om Forskarprosjekt eller Kompetanse- og samarbeidsprosjekt. Ta kontakt med forskingssjef så tidleg som mogleg i prosessen dersom du skal søkje, slik at vi kan avklare kva slags støtte du treng.
Aktuelle utlysingar:
FRIPRO har tre utlysingar og løpande søknadsfrist: forskarprosjekt for erfarne forskarar, forskarprosjekt for tidleg karriere og forskarprosjekt med internasjonal mobilitet. FRIPRO er ein open, nasjonal konkurransearena innanfor alle fag og tema. Det er karens for kor ofte du kan søkje FRIPRO. Les meir her.
5. mars 2025 er det søknadsfrist for desse utlysingane:
Forskarprosjekt for fornying (tematisk)
Formålet er fornying og utvikling i forskinga som kan bidra til å flytte den internasjonale forskingsfronten. Utlysinga består av fleire tema. Du vel tema i søknadsskjemaet. For kvart tema lyser NFR ut eit gitt beløp og spesifiserer prioriteringar for utveljing av prosjekta som skal verte finansiert. Prosjektleiar må ha godkjent doktorgrad eller tilsvarande før søknadsfristen. Les meir om forskarprosjekt her.
Forskarprosjekt for tidleg karriere (tematisk)
Formålet med utlysinga er å gi forskarar moglegheit til å følgje eigne idear, og å leie eit forskingsprosjekt innanfor gitte temaområde. Utlysinga er retta mot forskarar tidleg i karrieren, 2-7 år etter disputas, og som har vist evne til å utføre forsking av høg kvalitet. Les meir om forskarprosjekt her.
Samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv
Formålet er å stimulere forskingsorganisasjonar til å samarbeide med relevante samfunns- og næringsaktørar for å utvikle ny kunnskap og byggje forskingskompetanse som er naudsynt for å møte viktige samfunnsutfordringar. NFR krev at du samarbeider med minst to relevante aktørar utanfor forskingssektoren. Les meir om kompetanse- og samarbeidsprosjekt her.
Kompetansebyggande prosjekt for næringslivet
Formålet er å stimulere forskingsorganisasjonar til å samarbeide med næringslivet for å bygge kunnskap som næringslivet og samfunnet treng for å løyse store samfunns- og næringsutfordringar. Det er eit krav at næringslivet bidreg med kontantfinansiering i prosjekta. Les meir her.
Fagekspertar
Dei fleste søknader som vert sende til Forskingsrådet vert vurderte av ekspertar på tema og fagområde søknadene dreier seg om. NFR hentar ekspertar frå nasjonalt og internasjonalt leiande forskings- og innovasjonsmiljø. I svarbrevet på søknaden står det kva ekspertpanel som har vurdert søknaden din. Les meir om fagekspertar og ekspertpanel her.