KI i forsking
Kunstig intelligens (KI) vert stadig meir tilgjengeleg, og KI kan verte nytta i ei rekke tenester. På denne sida vil du kunne finne informasjon om bruk av kunstig intelligens i forsking. [NB. NETTSIDA ER UNDER UTVIKLING].
Verktøy
Nedanfor er godkjente KI-verktøy ved HVO. Informasjon og lenkar kan ein også finne på Tavla.
- KI-chat: HVO har avtale med SIKT om KI-chat for tilsette og studentar. Tenesta er godkjent for inntil gule data. Logg inn via Feide.
- Autotekst: Autotekst er eit verktøy for å transkribere lyd- og videoopptak. HVO har avtale med UiO om tilgang. Tenesta er godkjent for grøne og gule data. Logg inn via Feide. Dersom du skal transkribere raude data, ta gjerne kontakt.
- Nettskjema diktafon: Med Nettskjema-diktafon kan ein ta lydopptak på smarttelefon og sende til Nettskjema. Lydopptak vert automatisk transkribert når ein brukar denne tenesta. Informasjon og HVO si brukarrettleiing kan du finne her.
- Copilot chat: Tenesta er godkjent for grøne data. Sjå meir her.
KI, etikk og personvern
Kunstig intelligensbasert teknologi kan gje mange moglegheiter for forsking, men bruken må bygge på etiske prinsipp, digital tryggleik og respekt for personvern.
- Før ein tek i bruk KI-verktøy må ein gjere naudsynte etiske vurderingar.
- Ein må vurdere om materialet ein skal bruke KI-verktøy på inneheld personopplysningar, og kva som vil skje vidare med dataene.
- Ved all behandling av personopplysningar må ein ha eit lovleg grunnlag.
- Ein må ta omsyn til opphavsretten på materialet KI-verktøyet får tilgang på.
Nyttige lenkjer
- EU/ERA: Living guidelines on the Responsible use of Generative AI in Research
- EU: AI Act
- HVO: Lagringsguiden
- HVO: Læringsverkstaden
- HVO: Biblioteket
- HVO: Personvern i forsking
- Regjeringa: Strategi for kunstig intelligens
- Datatilsynet: Kunstig intelligens og personvern