Førstelektor

Kompetanseheving

Kompetanseheving er viktig for Høgskulen i Volda, og høgskulen vil setje eit fokus på å hjelpe fleire i retning av førstelektorkompetanse gjennom ordninga Førstelektorkvalifisering. 

Kompetanseheving er eit viktig reiskap i arbeidet med å møte endra krav og forventningar, realisere dei strategiske ambisjonane og målsettingane til Høgskulen i Volda og å kome i møte den einskilde fagtilsette sitt behov og ønskje om eigenutvikling. 

Kvalifiseringsordninga mot førstelektorkompetane vil vere eit tilbod til fagtilsette ved Høgskulen i Volda som ønskjer opprykk frå stilling som høgskulelektor til førstelektor.

Kvalifiseringsordninga har som mål å medverke til auka fagleg og kollegialt samarbeid og kompetanse innan utdanning, utviklingsarbeid og forsking. 

Hovudmål for kvalifiseringsrordninga mot førstelektorkompetanse:

- Å gje eit tilbod til faglege tilsette som er på god veg/i sluttfasen til å kunne søkje om opprykk til førstelektor

- Å medverke til kompetanseutvikling til førstelektor som ein alternativ karriereveg til førsteamanuensis

- Å medverke til institusjonen sitt mål om fleire fagtilsette med førstestillingkompetanse

- Å legge til rette for institusjonen sitt behov for forskingsbasert undervisning og praksisretta forsking knytt til utdanningsprogram som høgskulen gjev tilbod om

- Å medverke til å styrkje forskinga og utdanningskvaliteten ved Høgskulen i Volda

Kvalifiseringsordninga vil legge til rette for nettverksbygging og erfaringsutveksling mellom fagtilsette på tvers av Høgskulen i Volda. 

Medlemmar i referansegruppa for kvalifiseringsordninga ved Høgskulen i Volda (2022): Prorektor/førstelektor Odd Helge Mjellem Tonheim (leiar), prodekan utdanning/førstelektor Silje Ims Lied, dosent Birgitte Fondevik, førstelektor Gro Anita Bårdseth, førstelektor Steinar Høydal, forskingsrådgivar Geir Tangen (administrativ koordinator).

 


Om krav til ansettelse og opprykk


Krav til dei ulike stillingskategoriane finn ein i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger. Ifølgje forskriften skal ein førstelektor dokumentere omfattande forskings- og utviklingsarbeid/kunstnarleg utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarar til arbeidsmengde og nivå for ei doktorgrad. Vidare skal det leggast stor vekt på kvalifikasjonar innanfor undervisning eller annan pedagogisk verksemd. Førstelektorkvalifiseringa vil ha fokus på kva ein førstelektor er, kva kompetanse ein førstelektor har og korleis ein kan kome seg dit. Vidare vil ein også sjå litt på kva som er skilnad på dosent-løypa og professor-løypa.
 

Kvalifiseringsordninga har hatt fire samlingar i 2022:  

Samling 1 (SAA 225, HVO)

Open for alle.

01.06. 2022 kl. 09:00 - 12:00.

Kva er ein førstelektor?
Likskapar og skilnadar mellom dosent-løypa og professor-løypa.
Korleis dokumentere fagleg kompetanse?
Korleis går ein fram for å søke opprykk?

Samling 2 (BK 159, HVO)

Delvis open for alle. Gruppearbeid for dei som er deltakarar i førstelektorkvalifiseringa.

05.09. 2022 kl. 12:00 - 15:00.

Kva er eit profileringsdokument og korleis skrive dette?
Akademisk CV opp mot førstelektor.
Gruppearbeid – presentere kompetansen for kvarandre og gje tilbakemeldingar.

Samling 3 (eksternt)

17.-18.10.2022.

Berre for deltakarar i førstelektorkvalifiseringa.

Førebuing før samlinga: Eit utkast til eit profileringsdokument.
Workshop: 
Korleis forstår ein krava i forskrifta?
Tilbakemelding på kvarandre sine profileringsdokument.
Vidare arbeid med profileringsdokumentet. 
Kva er ein dosent?

Samling 4 (SAA 225, HVO)


13.12.2022 kl. 09:00 - 12:00.

Berre for deltakarar i førstelektorkvalifiseringa.

Presentasjon i grupper av eige profileringsdokument.
Tid til individuell tilbakemelding frå mentorar.
Plenum med tips til det vidare arbeidet frå mentorar.

Det er forventa at du deltek aktivt på samlingane, og også at du leverer inn ein akademisk CV og to utkast til profileringsdokument langs med programmet. 


Frå førstelektorkvalifiseringsseminar i 2021

Program

Randi Urke: Regelverk for opprykk

Odd Helge Mjellem Tonheim: Min veg mot fyrstelektorkompetanse

Silje Ims Lied: Opprykk til førstelektor

Steinar Høydal: Frå lektor til førstelektor

Lars Julius Halvorsen: Mitt arbeid med opprykksøknad