Støtte til forskingsgrupper

Leiarar av forskingsgrupper ved Høgskulen i Volda kan søkje om midlar til aktivitet i forskingsgruppene. 

Forskingsgruppa skal vere ein fagleg arena for vitskapeleg tilsette ved HVO. For å få støtte må forskingsgruppa normalt ha minst seks primærmedlemar. Det er høve til å vere primærmedlem (teljande medlem) i inntil to grupper. Primærmedlemar i ei forskingsgruppe må vere tilsett ved HVO i minst 50% stilling. Støtta til forskingsgruppene vil ta utgangspunkt i både tal på medlemar og publiseringspoeng.

Retningslinjer for forskingsgrupper og forskingsgruppeleiarar ved HVO kan du finne her.

Forskingsadministrasjonen lyser ut midlar til forskingsgruppene årleg. Søknadsfrist for 2025 vert kunngjort hausten 2024. 

Forskingsgruppene rapporterer årleg til Forskingsutvalet om aktivitetar og resultat i løpet av året. Ubrukte midlar vert inndratt pr. 1. januar.

Vilkår for støtte

Midlane til forskingsgruppene skal brukast til å:

  • styrke faglege aktivitetar,
  • stimulere til internasjonalt forskingssamarbeid
  • utarbeide søknader om eksterne forskingsmidlar.

For å få støtte må forskingsgruppene følgje krava sett i Forskingsutvalets sak 40/17 ved å: 

  • ha aktiv deltaking frå gruppa sine medlemar.
  • involvere masterstudentar og stipendiatar på fagfeltet i den grad det er mogleg.
  • vere oppført på HVOs nettsider med oversikt over formål, leiar, medlemar, aktivitetar og eventuelle prosjekt.

Midlane for 2024 er tildelt. Totalt 30 grupper fekk støtte (jf. vedtak 35/23 i Forskingsutvalet). Oversikt over tildelinga finst her. 

Spørsmål om ordninga kan rettast til forskingssjef.

Forskingsgrupper