Førehandsvurdering av opprykkssøknad
Vi ønskjer å tilby støtte til våre tilsette som skal søkje om opprykk til førstelektor, professor eller dosent. For å sikre kvaliteten på søknadene og auke sjansane for suksess, vil vi tilby førehandsvurdering av opprykkssøknader for å hjelpe dykk med å sikre at søknadene argumenterer godt for kompetansen.
Du må sjølv finne ein ekstern professor eller dosent som er villig til å ta på seg oppgåva med førehandsvurdering av søknaden. HVO vil gi eit honorar på kr. 3000 for dette. Den som skal førehandsvurdere søknaden bør ha kompetanse innanfor det aktuelle fagområdet og vere ein respektert autoritet. Den eksterne professoren/dosenten kan gi verdifulle tilbakemeldingar, foreslå eventuelle forbetringar og gi ei uavhengig vurdering av om du er klar for å sende opprykkssøknad og kva du eventuelt må jobbe meir med.
Vi trur at denne tilnærminga vil bidra til å styrkje søknadene dykkar og gi ei positiv dult til dei som er klare til å søkje om opprykk. Vi forstår at det for enkelte kan vere utfordrande å finne ein ekstern professor/dosent, men vi oppmodar dykk til å kontakte faglege nettverk og samarbeidspartnarar for å identifisere ein passande kandidat. Vi vil også minne om at vurdering av andre sine opprykk er ei av oppgåvene for dei som er toppkompetente.
Kontaktperson for førehandsvurdering av opprykkssøknad er forskingsrådgivar Geir Tangen.
Før du søkjer må du ha eit utkast av opprykksøknad og forslag til ein som kan vurdere søknaden. Søknadsskjema finn du her: