Innsettingsforedrag

Fagmiljøa ved Høgskulen i Volda vert oppmoda til å halde innsettingsforedrag med nye professorar og dosentar i samband med opprykk eller tilsetjing i toppstilling (vedtak i Forskingsutvalet sak 7/21).

Å bli tilsett/få opprykk til professor/dosent skal verte markert med eit foredrag etter avtale med dekan. Innsettingsforedraget skal gje ein moglegheit for den nye professoren eller dosenten til å dele prestasjonane sine innan forsking, undervisning eller kunstnarleg utviklingsarbeid for eit breitt publikum.

Foredraga vert heldt gjennom heile studieåret. Dei er gratis og opne for alle. Det er avdelinga som står for arrangementet.

 

Innsettingsforedrag ved HVO: