Professor-/dosentstipend
Om ordninga
Professor-/dosentstipend er eit strategisk tiltak for karriereutvikling retta særleg mot yngre forskarar som vil satse på ein akademisk karriere ved Høgskulen i Volda. Ordninga kan også nyttast som eit målretta tiltak for å betre kjønnsbalansen i toppstillingar.
Yngre forskarar og kvinner vert difor særskilt oppmoda til å søkje om professor-/dosentstipend.
Vilkår og kriterium
Professor-/dosentstipenda har same hovudformål som ei postdoktorstilling - kvalifisering til ei toppstilling. Dei som får professor-/dosentstipend får minimum 50 prosent arbeidstid til å forske og i tillegg to FoU-stipend. Stipendløpa har ei varigheit på tre år. Dei som vert tildelt stipend skal nytte FoU-tida til å jobbe med minst to tidsskriftartiklar og/eller anna arbeid som kvalifiserer til opprykk. Dei som går inn i stipenda får også driftsmidlar som skal dekkje reiser, utgifter til datainnsamling, litteratur og liknande med same beløp som doktorgradsstipendiatar. Eventuelt honorar til mentor må dekkast av driftsmidlane. Det er ikkje naudsynt med avtale med mentor i søknaden, men mentorering er ei del av ordninga.
Avdelingane sørger for at professor-/dosentstipendhaldarane får auka forskingstid, moglegheit til rettleiing på master- og PhD-nivå (i den grad det er mogleg), og høve til kvalitetsutvikling i eiga undervisning.
Professor-/dosentstipenda vert tildelte under føresetnad av at mottakarane viser tilfredsstillande framdrift. Dei som får professor-/dosentstipend må sende ordinær søknad om FoU-stipend.
Søknaden
Søknaden bør vise korleis du tenker å fylle krava til opprykk til professor eller dosent. Søknaden må også innehalde plan for gjennomføring av stipendløpet når det gjeld forskingsarbeid, internasjonalisering og søknadsarbeid/prosjektleiing, og ei skisse til ein gjennomførbar publiseringsplan. Søknaden kan skrivast på norsk eller engelsk, og den bør vere maksimalt 3 sider.
Desse vedlegg må følge med søknaden:
- CV med publikasjonsliste der publikasjonar etter oppnådd førstekompetanse vert utheva.
- Stadfesting frå dekan og instituttleiar (eitt dokument).
- Eventuelle tidlegare vurderingar for professor-/dosentstilling eller personleg opprykk til professor/dosent.
Søknadsfrist i 2024: Kjem. Send søknaden som éi pdf-fil til forskingsadministrasjonen@hivolda.no.
Søknadshandsaming
Rektor peiker ut ein kommisjon som vurderer dei innkomne søknadene og som gir tilråding til Forskingsutvalet om kven som bør få tilbod om professor-/dosentstipend. Søknader om dosentkompetanse vil bli likestilt med søknader om professorkompetanse.
Søknadene vil bli vurderte etter følgjande kriterier:
- Søkjar må være fast tilsett ved HVO og ha oppnådd førstekompetanse.
- Søkjar må treffe målsettinga med utlysigna.
- Søkjar må ha fått godkjenning frå institutt og avdeling for planane om professor- eller dosentkvalifisering.
- Søkjar må ha publisert minst éin artikkel etter oppnådd førstekompetanse. For å vise sjølvstende som forskar, bør denne artikkelen vere publisert utan PhD-rettleiar.
- Søknaden må innehalde plan for gjennomføring av stipendløpet når det gjeld forskingsarbeid, internasjonalisering og søknadsarbeid/prosjektleiing.
- Søkjar må argumenterer for korleis stipendet kan bidra til å realisere eit opprykk.
- Prosjektet må knytast opp mot ei forskingsgruppe eller eit aktivt forskingsmiljø som stiller med ein mentor og gir høve til å rettleie masterstudentar.
Kontaktperson for ordninga: Forskingssjef Henriette Hafsaas.
Fagleg tilsette som har fått innvilga professor-/dosentstipend ved Høgskulen i Volda
Tildelt i 2023:
Andreas Brandsæter, AHL
Tildelt i 2022:
Kjetil Vaage Øie, AMF
Harald Endre Tafjord, ASH
Tildelt i 2021:
Stig Helset, AHL (Professorkompetanse i 2022)
Gudrun Kløve Juuhl, AHL
Silje Louise Dahl, ASH og NFR-prosjektet MANREPORT (Professorkompetanse i 2023)
Tildelt i 2018:
Helga Synnevåg Løvoll, AKF (Professorkompetanse i 2022)
Wenke Mork Rogne, AHL (Professorkompetanse i 2022)
Tildelt i 2016:
Erik Fooladi, AHL (Professorkompetanse i 2023)
Birgitte Fondevik, AHL (Dosentkompetanse i 2021)
Tildelt i 2015:
Ellen Lexerød Hovlid, AMF (Professorkompetanse i 2022)
Ivar John Erdal, AMF (Professorkompetanse i 2022)
Tildelt i 2014:
Knut-Willy Sæther, AHL (Professorkompetanse i 2017)
Wenche Torrissen, AKF (Professorkompetanse i 2019)
Nathalie Homlong, ASH (Professorkompetanse i 2015)