Forskingsutvalet (FU)
Forskingsutvalet (FU) er leia av prorektor for forsking og har representantar frå dei fire avdelingane, stipendiatane og studentparlamentet. Forskingssjef er sekretær for utvalet.
Høgskulestyret har fastsett følgjande mandat for Forskingsutvalet (Sak 41/23):
Rådgivande og strategisk organ
Forskingsutvalet er eit rådgivande og strategisk organ for leiinga og styret i saker som gjeld forsking, formidling, innovasjon, forskarutdanning, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid.
Forskingsutvalet skal legge til rette for diskusjon og erfaringsutveksling mellom avdelingane med sikte på å utvikle beste praksis i dei sakene som vert handsama.
Utvalet skal mellom anna;
- fremme forsking ved HVO i tråd med strategiplanen, og gje råd om strategiar og tiltak som kan styrke omfanget og kvaliteten på forsking og utvikling ved HVO
- vere pådrivar for at forskinga ved HVO held høg kvalitet og fører til nasjonal og internasjonal vitskapleg publisering, og gje råd om forskarutdanning og stipendiatsatsing
- vere pådrivar for internasjonalisering av forskinga
- inspirere til formidlingsverksemd
- fremme god forskingsskikk gjennom å utarbeide forskingsetiske retningslinjer
- stimulere til studentaktiv FoU-verksemd
Innstillande organ
Forskingsutvalet skal gje innstilling til styret om:
- kandidat(ar) til FoU-prisen
Delegert avgjerslemynde frå styret
Forskingsutvalet er gitt delegert avgjerslemynde til å:
- disponere og følgje opp bruken av dei strategiske forskingsmidlane som styret har vedteke for det enkelte år i budsjettet.
Rapportering
Forskingsutvalet skal ha årleg forskingsmelding til styret til uttale før handsaming i rektoratet, og sikre at forskingsmeldinga inneheld rapportering om disponering av dei strategiske forskingsmidlane og resultatmål knytt til bruken av midlane.