Nasjonale retningslinjer og strategiar
Det vert stadig stilt auka krav og forventningar til open tilgang til forskingsdata, til dømes frå vitskaplege tidsskrift og finansiørar av forsking. Forskningsrådet (NFR) sin policy for tilgjengeleggjering av forskingsdata skal medverke til at forskingsdata vert tilgjengeleg for brukarar på like vilkår, og til lågast mogleg kostnad. Retningslinjene gjeld for data i prosjekt som er finansiert av NFR, med nokre unntak. Regjeringa sin nasjonale strategi for tilgjengeleggjering av data kan du finne her.
FAIR-prinsippa
Både i regjeringa sin strategi, NFR sin policy og i EU sine krav vert det oppfordra til å handtere forskingsdata i samsvar med FAIR-prinsippa. FAIR står for Findable, Accessible, Interoperable og Re-usable, og er utarbeida for å fremje god utnytting og vidare bruk av data. Ifølgje FAIR-prinsippa skal forskingsdata vere av ein kvalitet som gjer dei tilgjengelege, gjenfinnbare og gjenbrukbare. I tillegg skal data og metadata kunne handterast maskinelt, og ein skal bruke konsistente vokabular.
Finne forskingsdata
Døme på søkemotorar, ressursar og dataarkiv der ein kan finne forskingsdata innanfor eige fagfelt: