Institusjonell rettigheitspolitikk (IRRS)
Innføring av Institusjonell rettigheitspolitikk (IRRS) ved Høgskulen i Volda
Høgskulestyret vedtok 07. mars 2024 (Saksnr. 24/00158) innføring av ein institusjonell rettigheitspolitikk (IRRS) ved Høgskulen Volda med verknad frå 1. januar 2024:
1. Tilsette ved Høgskulen i Volda har akademisk fridom og står fritt til velje kvar dei ønskjer å publisere vitskaplege tidsskriftsartiklar.
2. Når ein vitskapleg tidsskriftsartikkel vert publisert i eit lukka tidsskrift, skal tilsette ved Høgskulen i Volda deponere siste fulltekstkopi/manuskriptutgåve etter fagfellevurdering («Authors Accepted Manuscript», «postprint») til vitenarkivet som institusjonen nyttar.
3. Institusjonen har ansvar for at siste fulltekstkopi/manuskriptutgåve etter fagfellevurdering («Authors Accepted Manuscript», «postprint») vert tilgjengeleg frå vitenarkivet som institusjonen nyttar med ein Creativ Commons (CC) lisens.
4. Artiklane vil som hovudregel bli tilgjengelege med ein CC-BY-4.0 lisens.
5. Rektor ved Høgskulen i Volda er ansvarleg for forvaltning og tolking av rettigheitspolitikken.
Bakgrunn for innføringa av IRRS ved Høgskulen i Volda
Regjeringa har mål om at alle norske vitskaplege artiklar som er finansiert av offentleg midlar skal vere ope tilgjengeleg innan 2024 Eit viktig prinsipp innanfor forskinga er openheit om resultata. Open tilgang til vitskapleg publiserte resultat sikrar betre kunnskapsutvikling og at kunnskapen vert tatt i bruk (Kunnskapsdepartementet 2017). I Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023-2032; Meld.St.5 (2022/2023) står det at «forskningsresultater skal være umiddelbart tilgjengelige […] og at Norge deltar i internasjonalt samarbeid gjennom Horisont Europa, cOAlition S, Science Europe, OECD, Global Research Council og UNESCO for å kreve at forskere ikke må tvinges til å gi fra seg opphavsretten til de store forlagene for å få publisert artiklene sine». Norges forskingsråd, EU og andre finansieringskjelder for forsking krev også at vitskaplege tidsskriftsartiklar frå prosjekt dei finansierer som hovudregel skal publiserast opent. Institusjonell rettigheitspolitikk inneber at det som skal publiserast skal verte lagt ut i opne institusjonelle arkiv. Forskarar står fritt til å eige, bruke, kontrollere og arkivere eigen forsking. Institusjonell rettigheitspolitikk vert også omtala som Rights Retention Strategy (RRS), seinare Institutional Rights Retention Policy (IRRS).
Juridisk ansvar
Institusjonen tek det juridiske ansvaret for open publisering av tidsskriftartiklar gjennom å vere ansvarleg for:
• tolkinga av denne politikken
• å løyse eventuelle tvistar om tolking og bruk
• å handsame søknader om unntak frå regelen om open tilgang
Vurdering
Kravet om umiddelbar open tilgang omtalt i Langtidsplanen kan ikkje verte oppfylt utan ein rettigheitspolitikk som sikrar at også artiklar publisert i lukka tidsskrift blir eigenarkivert i vitenarkiv (som grøn open tilgang). Med ein institusjonell rettigheitspolitikk kan forskarar publisere siste fulltekstkopi/manuskriptutgåve etter fagfellevurdering («Authors Accepted Manuscript», «postprint») av arbeidet i opne institusjonelle arkiv, utan ein sperrefrist («embargo») og uavhengig av publikasjonsstad og finansieringskjelde. Institusjonane sikrar såleis at forskarar ved den respektive institusjonen kan ha rettigheiter til eigne publikasjonar på ein måte som gjer eigenarkivering og «grøn» open tilgang mogleg. Den institusjonelle rettigheitspolitikken sikrar at forskarane våre både kan velje publiseringskanal fritt og at det vert gitt umiddelbar open tilgang. Den opne tilgangen vert gitt utan risiko for forskarane ved Høgskulen i Volda sidan institusjonen tar på seg det juridiske ansvaret for distribusjon via vitenarkivet. Ved å innføre Institusjonell rettigheitspolitikk ved Høgskulen i Volda vil fulltekstkopi av vitskaplege tidsskriftsartiklar bli gjort tilgjengelege i det vitenarkivet institusjonen nyttar utan juridisk risiko for forskarane som har forfatta dei, og utan at dei treng å informere utgivar om dette. Forskarar med behov for å reservere seg mot ein slik tilgang, har rett til å be om unntak for enkeltartiklar («opt-out»).
Institusjonell rettigheitspolitikk vart innarbeidd i dei reviderte retningslinjene for open publisering av vitskaplege tidsskriftsartiklar ved Høgskulen i Volda (Forskingsutvalet 08.02.24, sak 27/23). Vedtaket i Høgskulestyret 07.mars 2024 har tilbakeverkande kraft til 1. januar 2024 slik at alle tidsskriftartiklar publisert ved Høgskulen i Volda kan verte gjort ope tilgjengeleg i tråd med krav frå Kunnskapsdepartementet.