Retningslinjer for open tilgang av vitskaplege tidsskriftsartiklar ved HVO

Retningslinjene vart lagt fram for Forskingsutvalet 05.10.2023. Fastsett av direktør 18.06.2024.

 

1       Formål

Open tilgang vert gjerne definert som fri og open tilgang til publikasjonar. Tilgang til vitskaplege forskingsresultat er ein viktig føresetnad for eit velfungerande demokrati, for fri meinings- og kunnskapsutveksling og for at vitskapen skal kunne vere eit godt verkty for utvikling av samfunns- og næringsliv.

I tråd med krav frå regjeringa vil Høgskulen i Volda leggje til rette for open tilgang av vitskaplege tidsskriftsartiklar frå og med 1. januar 2024.

For å nå denne målsettinga vil Høgskulen i Volda kunne gje støtte til open publisering av vitskaplege tidsskriftsartiklar gjennom ei eiga støtteordning for open publisering. Samstundes må forskarane ved institusjonen ha eit medvite forhold til open publisering.

Høgskulen i Volda oppmodar tilsette til å:

  • nytte Kanalregisteret og Norsk publiseringsindeks til å finne eigna tidsskrift med open tilgang
  • delta aktivt i vurdering av publiseringskanalar ved å dele erfaringar ein har gjort seg

Ein tilsett som tek på seg redaktøransvar og/eller deltek i redaksjonsarbeid i eit tidsskrift bør:

  • reflektere rundt eigarskapen til tidsskriftet
  • vurdere den redaksjonelle uavhengigheita til utgivar
  • vurdere om tidsskriftet praktiserer ein prispolitikk som står i rimeleg forhald til kostnader

 

2       Krav og retningslinjer om open tilgang

Ved Høgskulen i Volda skal ein gjere alle vitskaplege tidsskriftsartiklar tilgjengelege i publiseringskanalar med open tilgang eller i opne vitskapsarkiv.

Publisering av forskingsresultat utført som tilsett ved Høgskulen i Volda skal gjerast ope tilgjengeleg på følgjande måtar:

  • «Diamant open tilgang». Publisering i tidsskrift utan publiseringsavgift.
  • «Gull open tilgang». Publisering i tidsskrift med transparente publiseringskostnader (Article Processing Charges, Article Submisson Charges og liknande).
  • «Grøn open tilgang». Eigenarkivering i opne vitskapsarkiv (NVA).
  • «Publisere ope-lisensavtalar». Publiseringsavtalar som Høgskulen i Volda har inngått med ulike tidsskriftutgjevarar gjennom Sikt (Kunnskapssektorens tjenesteleverandør).

 

3       Deponering av tidsskriftsartiklar

Fulltekstkopiar av vitskaplege tidsskriftsartiklar forfatta av tilsette ved Høgskulen i Volda skal deponerast i Nasjonalt vitenarkiv (NVA).

Dersom artikkelen vert publisert ope av tidsskriftet, skal tidsskriftet/forlaget sin PDF («publiserte versjon») deponerast.

Dersom forlaget ikkje tillet redistribusjon av forlaget sin PDF («publiserte versjon i lukka abonnementstidsskrift»), skal siste fulltekstkopi/manuskriptutgåve etter fagfellevurdering («Authors Accepted Manuscript», «postprint») verte deponert.

Fulltekstkopiar som vert deponert i Nasjonalt vitenarkiv (NVA), vert gjort ope tilgjengeleg utan sperrefrist («embargo»).

Institusjonell rettigheitspolitikk ved Høgskulen i Volda (IRRS/RRS ) inneber at tilsette kan deponere akseptert manusversjon av vitskaplege tidsskriftsartiklar publisert utan open tilgang umiddelbart i Nasjonalt vitenarkiv (NVA) med ein Creative Commons CC BY-lisens.

 

4       Ekstern finansiering av forskingsprosjekt

Fleire eksterne finansiørar (til dømes Norges forskingsråd og EU) har krav om open tilgang av publikasjonar som spring ut frå prosjekt som dei har finansiert.

Tilsette ved Høgskulen i Volda tilfredsstiller eksterne finansiørar sine krav om open tilgang ved å følgje Høgskulen i Volda sine Retningslinjer for open publisering av vitskaplege tidsskriftsartiklar.