Retningslinjer for støtte til open publisering av vitskaplege tidsskrifts-artiklar ved HVO
Retningslinjene vart lagt fram for Forskingsutvalet 05.10.2023. Fastsett av direktør 18.06.2024.
1 Formål
Ved Høgskulen i Volda skal alle vitskaplege tidsskriftsartiklar verte gjort tilgjengelege i publiseringskanalar med open tilgang eller i opne vitenarkiv. Dette er i tråd med målsettinga og krava til regjeringa om at alle norske vitskaplege tidsskriftsartiklar finansiert av offentlege midlar skal ha open tilgang.
For å nå målsettinga om open tilgang vil Høgskulen i Volda leggje til rette for støtte til open publisering av vitskaplege tidsskriftartiklar gjennom ein eigen støtteordning for publisering.
2 Praktisk informasjon
2.1. Høgskulen i Volda kan gje støtte til dekning av utgifter til forfattarbetaling (Article Processing Charges, Article Submisson Charges og liknande) ved publisering i vitskaplege tidsskrift med rein open tilgang («gull open tilgang»).
2.2. Ein søkjer om støtte på eit eige nettskjema for open publisering som ein finn på Høgskulen i Volda sine nettsider. Det er ingen søknadsfrist. Forskingsadministrasjonen ved Høgskulen i Volda avgjer søknadane løpande.
2.3. Ved godkjend søknad vil Forskingsadministrasjonen informere om korleis støtta vert utbetalt.
3 Føresetnader for tildeling
3.1. Søkjaren må vere knytt til Høgskulen i Volda, og institusjonstilknytinga må kome fram i publikasjonen.
3.2. Søkjaren bør fortrinnsvis vere førsteforfattar/hovudforfattar av artikkelen («korresponderande forfattar»).
3.3. Tidsskriftet må vere registrert i Directory of Open Access Journals (DOAJ).
3.4. Tidsskriftet må vere på nivå 1 eller 2 i HK-dir sitt register over publiseringskanalar.
3.5. Den publiserte fullteksten skal verte lasta opp i Nasjonalt vitenarkiv (NVA).