Vitskapleg publisering
Forskarar ved Høgskulen i Volda publiserer i nasjonale og internasjonale tidsskrift og bøker som vert rekna som kanalar for vitskapleg publisering ut frå ei kvalitetsvurdering.
Universitets- og høgskulerådet (UHR) står for kvalitetssikringa. Register over vitskapelege publiseringskanalar drivast av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) i samarbeid med Det nasjonale publiseringsutvalet (NPU) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. HK-dir ved avdelinga for data og statistikk, er ansvarlege for driften. NPU har ansvar for godkjenning av publiseringskanalar. Lista over tidsskrift og forlag som vert rekna som vitskaplege vert publisert av HK-dir.
Norsk publiseringsindikator (NPI)
Norsk publiseringsindikator har til mål å fremje god forsking og skape oversikt over og innblikk i forskingaktivitetane.
Rapportering av vitskapleg publisering
Endring og bruk av publiseringspoeng (DBH-rapportering 2016- )
Både for universitet, høgskular, forskingsinstitutt og helseføretak er publiseringsindikatoren endra med verknad frå 2016. Det vart etter endringa nytta kvadratrot ved utrekninga av institusjonsdelar og ein faktor på 1,3 når publikasjonen har utanlandske medforfattarar.
For nærare informasjon om endringa og bruken av publiseringspoeng:
Lokal bruk av publiseringsindikatoren:
Universitets- og høgskolerådets forskningsutvalg (UHR) og Det nasjonale publiseringsutvalget (NPU) har gått saman om ei tilråding vedkomande bruken av publiseringsindikatoren på lokalt nivå:
Om bruk av publiseringsindikatoren på lokalt nivå eller for enkeltforskere