Språkvask

Dei som vil publisere artikkel på norsk eller engelsk i tidsskrift på nivå 1 eller 2 i det nasjonale registeret for publiseringskanalar kan søke om støtte til språkvask. Ordninga er ikkje for dei som allereie har personlege driftsmidlar i samband med professor-/dosentstipend. 

Søknadsfristen er løpande. Du kan få språkvask éin gong pr. artikkel, og du vel sjølv om du vil språkvaske første eller endelege innsending til tidsskriftet. Du kan få inntil kr. 5000 i støtte. 

Midlane må nyttast i kalenderåret 2024. Søk her.

Spørsmål om ordninga? Ta kontakt med forskingsrådgivar Geir Tangen