Små driftsmidlar
Forskarar ved Høgskulen i Volda kan få støtte til forsking og utvikling gjennom ordninga kalla "Små driftsmidlar". Det er avdelingane som disponerer og deler ut desse midlane. Søknadsfristen er løpande. Den enkelte avdeling har meir informasjon om korleis ordninga vert forvalta.
AHL: Ta kontakt med instituttleiar.
Døme på aktivitetar og føremål som kan få små driftsmidlar:
- Faglege reiser
- Kurs-, konferanse- og seminardeltaking
- Teknisk/administrativ assistanse til FoU-prosjekt
- Språkvask og anna fagleg tilrettelegging av manus
- Materiell og utstyr
- Dekking av utgifter til rettleiing i samband med kompetanseheving til førstelektor