Støtte til forskingsgrupper

Leiarar av forskingsgrupper ved Høgskulen i Volda kan søkje om midlar til aktivitet i forskingsgruppene. 

Forskingsutvalet har vedteke at forskingsgrupper med minimum 5 teljande medlemar blant dei vitskapeleg tilsette (i minst 50% stilling) ved HVO kan søkje om kr. 50 000 for 2024. Høgskulestyret har løyvd støtte til inntil 30 forskingsgrupper. Ein tilsett kan berre vere teljande medlem i maksimalt to forskingsgrupper, men det er mogleg å vere assosiert medlem i fleire grupper. Dersom det kjem inn søknader om støtte til meir enn 30 forskingsgrupper vil talet unike medlemar i gruppa (dvs. at medlemane ikkje er medlem i ei anna gruppe) og vitskapleg publisering siste år verte nytta i prioriteringa mellom dei minste gruppene, for å styrke små og produktive forskingsmiljø.

Søknadsfrist for støtte for 2024 er 8. januar 2024

Ubrukte midlar vert inndratt pr. 1. januar. Forskingsgruppene rapporterer årleg til Forskingsutvalet om aktivitetar og resultat i løpet av året.

Vilkår for støtte

Midlane til forskingsgruppene skal brukast til å:

  • styrke faglege aktivitetar,
  • stimulere til internasjonalt forskingssamarbeid
  • utarbeide søknader om eksterne forskingsmidlar.

For å få støtte må forskingsgruppene følgje krava sett i Forskingsutvalets sak 40/17 ved å: 

  • ha aktiv deltaking frå gruppa sine medlemar.
  • involvere masterstudentar og stipendiatar på fagfeltet i den grad det er mogleg.
  • vere oppført på HVOs nettsider med oversikt over formål, leiar, medlemar, aktivitetar og eventuelle prosjekt.

Midlane for 2023 er tildelt. Oversikt over tildelinga finst herDet er ikkje fleire midlar tilgjengeleg for 2023. Søknadsfrist for 2025 vert kunngjort hausten 2024. 

Spørsmål om ordninga kan rettast til forskingssjef.

Forskingsgrupper