Støtte til utanlandsopphald
Stipendiatar og fagleg tilsette ved HVO kan søkje om støtte til utanlandsopphald. Føremålet er å medverke til auka mobilitet, stimulere til internasjonalt forskingssamarbeid, nettverksbygging i utlandet og internasjonal erfaring. Ordninga omfattar fast tilsette og stipendiatar der høgskulen har arbeidsgjevaransvar. Støtta skal brukast til å dekke dokumenterte meirkostnadar ved forskingsopphald i utlandet, primært utgifter til reise og bustad. Det kan vere høve til å søkje om støtte til å ta med familien på utanlandsopphald.
Utanlandsstipend er særleg aktuelt i forbindelse med doktorgradsutdanning, FoU-stipend og professor-/dosentstipend ved HVO. Søknad sendast i nettskjema. Som vedlegg skal det ligge føre invitasjon frå vertsinstitusjon, stadfesting frå avdelinga, og tilråding frå rettleiar for dei i doktorgradsutdanning. Informasjon om utgiftsgodtgjersle og forskingsstipend i utlandet finn du her.
Søknadsfrist er 31. august 2024 for bruk påfølgande år. Sjå også Retningslinjer for utanlandsstipend.
Spørsmål om ordninga kan rettast til Forskingsadministrasjonen.
Følgande har fått støtte til utanlandsopphald i 2024:
Jostein Garcia de Presno, AHL, Luther Collage og NAHA/St. Olaf Collage
Kjetil Vaage Øie m/familie, AMF, RMIT University
Wen Ge, AHL, Københavns Universitet
Trygve Selnes Nielsen m/familie, AMF, University of the Creative Arts (UCA)
Amir Bashti Monfared, AMF, London School of Economics and Political Science (LEC)
Martyna Katarzyna Fojcik, AHL, Brock University
Elin Førde, AHL, Manchester Metropolitan University
Følgande har fått støtte til utanlandsopphald i 2023:
Anne Marta Vadstein, Nynorsksenteret, Lancaster University
Liv Kristin Øvereng, Nynorsksenteret, Lancaster University
Bente Hasle, ASH, Fachhochschule Kiel
Arve Fiskerstrand, AHL, UCSB, Santa Barbara
Pernille Fiskerstrand, AHL, UCSB, Santa Barbara
Marit Ulvund, AKF, Queensland University
Stein Helge Solstad, AKF, Griffith University