Blir det ny doktorgrad i Volda?

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Snart blir det avgjort om Høgskulen i Volda får godkjent den nye forskarutdanninga «Utdanning, språk og kultur». Denne veka var komiteen som skal tilrå eit svar på søknaden, på besøk i Volda.

I november 2022 søkte Høgskulen i Volda (HVO) om akkreditering av ein ny doktorgrad (ph.d.) med tittelen «Utdanning, språk og kultur». 14. desember skal NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) etter planen vende tommelen opp eller ned for den nye forskarutdanning i Volda.

Sjølv om HVO har samarbeidd med Høgskulen i Molde om ein felles ph.d. i helse- og sosialfag sidan 2015, kan dette bli ein historisk milepåle: den aller første doktorgraden HVO tilbyr på eiga hand.

– Denne doktorgraden er utforma spesielt for dei fagmiljøa og utdanningane vi driv med i Volda, og for dei unike kryssingspunkta vi har. Tilbodet skal gi oss rom til å byggje endå meir solide fagmiljø for forsking enn vi har i dag, seier prorektor Eirik Søvik ved HVO.

Sakkunnige på besøk for å vurdere

Denne veka var den sakkunnige komiteen på fire personar, som skal kome med ei tilråding til NOKUT om svar på søknaden, på synfaring ved HVO i to dagar til endes.

Dei sakkunnige skal ikkje uttale seg offentleg om saka før konklusjonen, så vi peikar i staden mikrofonen mot prorektor Søvik igjen. Trass i at søknaden frå HVO er skriven og besøket er godt planlagt, innrømmer Søvik at det no er spenning i lufta på høgskulen.

– Det skjer allereie mykje forsking på desse felta ved HVO, men om vi kan tilby ein slik ph.d. sjølve, blir det som eit stempel på at HVO faktisk ligg på det nivået som vi tenkjer at vi arbeider på, seier Søvik.

Er det interesse for dette nye tilbodet blant studentane?

– Ja, når vi snakkar med masterstudentar, ser dei relevansen. Får vi stabla dette ph.d.-tilbodet på beina, viser vi også studentane i heile utdanningsløpet at ein kan ha større akademiske ambisjonar ved å studere i Volda, seier Søvik.

Prorektor Eirik Søvik ved Høgskulen i Volda.
Prorektor Eirik Søvik har trua på at Høgskulen i Volda kan tilby ei viktig forskarutdanning gjennom ein ny ph.d. i utdanning, språk og kultur. Foto: Høgskulen i Volda / Steinarr Sommerset.

Fleire vegar inn, mange moglegheiter etterpå

Doktorgraden i utdanning, språk og kultur blir ei fleirfagleg forskarutdanning. Særleg vekt blir det på fagdidaktiske og andre tilnærmingar som går på tvers av disiplinar og profesjonar ved HVO:

  • utdanningsvitskap
  • norsk og engelsk språk- og litteraturvitskap
  • historie, religion og livssyn
  • medie- og kulturfag

Blir den nye ph.d.-en godkjend, blir det den første utdanninga på dette nivået for humanistiske fag og utdanningsvitskap i Møre og Romsdal. Doktorgradsprogrammet vil styrkje forskinga i regionen, og dei som fullfører denne ph.d.-graden, blir aktuelle for stillingar på spesialistnivå i akademia, skuleverket, offentleg forvalting og privat næringsliv.

HVO har som plan å lyse ut mellom fem og sju stipendiatstillingar i året for programmet. Om doktorgraden blir godkjend no, kan utdanninga vere i gang i løpet av 2025.

Kunnskap som Noreg treng

Prorektor Søvik er ikkje i tvil om at dette er ein doktorgrad som er relevant for Noreg i framtida.

– I samfunnet blir det stadig meir vektlegging av kunnskapsbaserte løysingar, og derfor blir det også behov for arbeidskraft med dette utdanningsnivået. HVO har ein unik fagleg profil i dette skjeringspunktet mellom utdanning, språk og kultur, og her treng heile landet meir kunnskap no.

Førearbeidet til den nye forskarutdanninga har gått føre seg i fleire år og er eit resultat av at heile høgskulen har løfta i flokk. Prorektor Søvik er tydeleg på at HVO er klar for å satse på den nye ph.d.-en, også om det må fleire rundar til.

– For Høgskulen i Volda, for det vi arbeider med her, så er denne doktorgraden såpass sentral at det er ingen veg utanom: Skjer det ikkje no, så skal det skje seinare, avsluttar ein engasjert prorektor.

Del på