FoU-prisen 2025 til forsking på plikta til å avverje partnarvald
Prisen for forsking og utvikling (FoU) ved Høgskulen i Volda (HVO) i 2025 går til forskingsmiljøet ved HVO knytt til forskingsprosjektet «Avverjeplikt i møte med partnarvald» (MANREPORT-IPV).

Det prisvinnande forskingsmiljøet ved HVO knytt til prosjektet MANREPORT-IPV (f.v.): forskar Anita Dyb Linge, professor Kjartan Leer-Salvesen, professor Silje Louise Dahl, stipendiat Susanne Tilke Thon Kristiansen, stipendiat Astrid Gravdal Vølstad og stipendiat Veronika Kvalen Pilskog. Foto: HVO/privat.
Kvart år blir det delt ut ein pris for forsking og utvikling (FoU) ved Høgskulen i Volda (HVO). Målet er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats.
I styremøtet 19. juni vedtok høgskulestyret at FoU-prisen 2025 skal gå til forskingsmiljøet ved HVO knytt til forskingsprosjektet «Avverjeplikt i møte med partnarvald» (MANREPORT-IPV).
Leiande rolle nasjonalt og internasjonalt
Forskingsprosjektet MANREPORT-IPV byrja i 2021 med støtte frå Forskingsrådet og er eit samarbeid mellom Oslo universitetssjukehus HF (OUS), Politihøgskolen, Høgskolen i Molde (HiMolde) og Høgskulen i Volda.
MANREPORT-IPV varer til 2026 og er HVOs største forskingsprosjekt nokosinne. Prosjektet blir leia av Kjartan Leer-Salvesen (professor ved HVO) og Solveig Karin Bø Vatnar (psykologspesialist ved OUS og professor ved HiMolde).
Pristildelinga er mellom anna grunngitt med at prosjektet set søkjelys på eit stort folkehelseproblem med førebyggingspotensial, og at det tverrfaglege samarbeidsprosjektet er nasjonalt og internasjonalt leiande på fagfeltet, med forskingsresultat som vil bidra breitt i samfunnet gjennom publisering og formidling.
I grunngivinga for at dette forskingsmiljøet ved HVO får FoU-prisen i år, blir det også lagt vekt på forskarane i MANREPORT-IPV produserer forsking av svært høg kvalitet, noko som mellom anna har resultert i professoropprykk og fleire disputasar i emning frå ph.d.-stipendiatane i prosjektet.
Forskingsmiljøet får prisen i september
Prisen er på 50 000 kroner og skal nyttast til tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling på FoU-området, til dømes studiereiser, konferansar, miljø- og nettverksbygging eller utstyr til FoU-arbeid.
FoU-prisen ved HVO blir årleg delt ut under Forskingsdagane. Under den offisielle opninga av festivalen fredag 19. september 2025 vil rektor Odd Helge Mjellem Tonheim overrekkje prisen til representantar for HVO-forskingsmiljøet som er knytt til prosjektet MANREPORT-IPV.