Horisont Europa
Horisont Europa er EUs 9. rammeprogram for forsking og innovasjon og verdas største forskingsprogram. Programmet starta opp 1. januar 2021 og har eit totalbudsjett på svimlande € 95,5 milliardar. Visjonen er ei berekraftig, rettvis og god framtid for menneska og jorda basert på europeiske verdiar. Programmet skal mellom anna takle klimaendringar, bidra til å nå FNs berekraftsmål og styrke Europas konkurransekraft og vekst.
Horisont Europa består av tre søyler:
Søyle 1: Framifrå vitskap med individuelle stipend frå European Research Council (ERC)
Dette er banebrytande, nysgjerrigheitsdriven forsking under Det europeiske forskingsrådet (ERC). Dette er individuelle stipend der vurderinga er basert på eit nyskapande prosjekt med høg risiko/høgt utbytte og der søkjaren er den forskaren med dei beste føresetnadene for å gjennomføre prosjektet. Ta kontakt med forskingssjef minst 6 månader før søknadsfrist dersom du vurderer å søkje eit ERC-grant. Vi har moglegheit til å gi ekstern støtte til prosjektutvikling og søknadsarbeidet. Samandrag av alle tildelte ERC-prosjekt finst her. Forskingsrådet arrangerer ERC-lesedagar av tidlegare norske søknader med tilslag i god tid før søknadsfristane. Forskingsrådet har eit innføringswebinar i ERC 13. februar.
Aktuelle ERC søknadstypar:
Starting Grant 2025 - tentativ søknadsfrist i oktober 2024
- 2-7 år etter avlagt doktorgrad
- Søkjaren må ha vist vitskapleg sjølvstende i forsking og publisering
- Inntil 1,5 millionar euro for 5 år
- Meir info: https://erc.europa.eu/funding/starting-grants
Consolidator Grant 2025 - tentativ søknadsfrist i desember 2024
- 7-12 år etter avlagt doktorgrad
- Søkjaren må ha vist vitskapleg sjølvstende i forsking og publisering
- Inntil 2 millionar euro for 5 år
- Meir info: https://erc.europa.eu/funding/consolidator-grant
Advanced Grant 2024 - søknadsfrist 29. mai 2024
- Minst 10 år med betydelige forskingsresultat
- Inntil 2,5 millonar euro for 5 år
- Meir info: https://erc.europa.eu/apply-grant/advanced-grant
Her finn du nyttige videoar om korleis du kan skrive ein ERC-søknad.
Søyle 2. Globale utfordringar og konkurransedyktig næringsliv
Samfunnsutfordringar og industrielt leiarskap (mogleggjerande teknologiar). Dette er tematisk forskning og innovasjon i samarbeidsprosjekt. Meir enn halvparten av budsjettet for Horisont Europa er sett av til søyle 2.
Dei tematiske klyngene er:
1. Helse
2. Kultur, kreativitet og inkluderande samfunn
3. Samfunnssikkerheit
4. Digitalisering, næringsliv og rom
5. Klima, energi og mobilitet
6. Mat, bioøkonomi, naturressursar, jordbruk og miljø.
Frå denne søyla vil også satsingar på samfunnsoppdrag («missions») og partnarskap verte finansiert. Dei fem samfunnsoppdraga er:
- Kreft
- Tilpassing til klimaendringar inkludert samfunnsendring
- Sunne hav, kystområde og vassdrag
- Klimanøytrale og smarte byar
- Jordhelse og mat
Søyle 3. Open innovasjon
Dette er innovasjonspilaren til Horisont Europa, og den er mest aktuell for næringslivet. Meir informasjon på Innovasjon Norge.
Aktuelle utlysingar
Det er særleg utlysingar innanfor klynga om Kultur, kreativitet og inkludering som er relevant for HVO.
Støtte til EU-søknader
Forskingsadministrasjonen kan dekke kostnader til posisjonering, nettverksbygging og søknadsskriving med støtte frå Forskingsrådet. Ta kontakt med forskingssjef.
Kurstilbod frå Forskingsrådet
Forskingsrådet tilbyr en rekke gratis, digitale kurs om Horisont Europa.