Forskingsdagane 2020

I 2020 vert Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda arrangert 17.- 22. september, med det nasjonale temaet "Hjernen".

Ta kontakt med koordinator Geir Tangen for meir informasjon om Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

Fredag 18. september

FoU-prisen 2020

FoU-prisen for 2020 går til professor Inger Marie Okkenhaug ved Historisk institutt, Avdeling for samfunnsfag og historie. Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. Les meir

Future skills

Temaet for mini-seminaret er Framtidsferdigheiter («Future skills») der digitale dugleikar er ei av mange sosiale og kulturelle utfordringar som vi treng nye kunnskapar for å møte – også i framtida. Les meir

Sjå foredraget her

Søndag 20. september

Podkast "Hjernefor"

Podkast ved førsteamanuensis Chalak Kaved, Høgskulen i Volda. Inviterte forskarar.

Les meir

Lytt til podcasten her

Tysdag 22. september

Avhandlingsforum

"Argumentasjon i akademisk skriving" ved førsteamanuensis Birger Solheim, UiB.

Fagleg ansvarleg for Avhandlingsforum er professor Jan Inge Sørbø, HVO.

Les meir om avhandlingsforumet

"Møt ein forskar ved Høgskulen i Volda"

Førsteamanuensis Eirik Søvik har forska på bier. Lurer du på korleis bier lærer nye ting eller kvar Eirik hentar inspirasjon til forskinga si? Sjå intervjuet med han her.