Forskingsdagane 2022

Forskingsdagane 2022

I 2022 vert Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda arrangert i tida 23. september - 1. oktober, med det nasjonale temaet "Hav".

Ta kontakt med koordinator Geir Tangen for meir informasjon om Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

Fredag 23. september

Utdeling av FoU-prisen 2022 og opning av Forskingsdagane 2022

FoU-prisen for 2022 går til professor Helga Synnevåg Løvoll ved Institutt for idrett og friluftsliv, Avdeling for kulturfag.

Musikalsk innslag ved komponist Magnar Åm.

Tid: Fredag 23. september 2022 kl. 11-12.

Stad: Biblioteket, HVO.

Seminar. 50-års jubileum for kyrkjeleg utdanning i Volda.

Seminar om utdanning og stillingsstruktur i Den norske kyrkja.

Opning ved Per Halse (HVO).


-    Frank Grimstad: Norsk kyrkjeleg utdanning gjennom femti år – utviklingstrekk og framtidsperspektiv
-    Erfaringsbaserte refleksjonar om temaet frå Anne Berit Laache Stokstad, Heidi Strand Mathisen og Oddvar Etnestad.
-    Panelsamtale/diskusjon leia av Magnar Hjertenæs (HVO).
 

Tid: Fredag 23. september 2022 kl. 13-16.

Stad: Aasen-auditoriet.

Laurdag 24. september

Livet i havet. Runde Miljøsenter, Herøy.

Tema: Livet i havet.

Vi presenterer livsmiljøet og livet i sjøen og fjøra, knytt til forsking og overvaking av hav- og kystmiljø som Høgskulen i Volda er involvert i ved Runde. 

Fagleg ansvarleg for arrangementet er Jan Håkon Vikane, Institutt for realfag, AHL.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Tid: Laurdag 24.september 2022 kl. 10.00 - 18.00.

Stad: Runde Miljøsenter, Runde, Herøy.

 

 

Søndag 25. september

Gudsteneste under Forskingsdagane

Gudsteneste under Forskingsdagane. 

Preike v/ kateket Anny Holien.

I samband med 50-årsmarkeringa av teologisk/kyrkjeleg utdanning i Volda.

Tid: Søndag 25. september 2022 kl. 11.

Stad: Volda kyrkje, Volda.

Matkultur i Volda Bygdetun

Matopplevingar for store og små.

Fagleg ansvarleg for arrangementet er Kari Ryslett, Institutt for realfag, AHL.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Tid: Søndag 25. september 2022 kl. 13-16.

Stad: Volda Bygdetun, Volda.

Loshistorie. Runde Miljøsenter, Herøy.

Loshistorie.

Førsteamanuensis Ola Teige, Historisk institutt, Høgskulen i Volda: "Losvesenets historie i Norge. Fra selvstendig næringsdrivende til statstjenestemenn".

Professor Arnljot Løseth, Historisk institutt, Høgskulen i Volda: "Losfamiliane på Runde losstasjon (Goksøyr, Kvalsvika og Skorpa) på 1800-talet".

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Tid: Søndag 25. september 2022 kl. 15.

Stad: Runde Miljøsenter, Runde, Herøy.

 

Filmvising av "Ponyo". Hjørundfjord Filmteater, Sæbø.

«PONYO».

Lille Ponyo er ein gullfisk, men då ho blir plukka opp av sjøen av barnehageguten Sondre vil ho bli jente! Men det er krefter i havet som vil ha ho tilbake…
Bli med på ein sprudlande versjon av Den lille havfruen, i ein landsby ikkje så ulike Sæbø med hav, barnehage og aldersheim i sentrum. Moro og spenning for heile familien!

Animasjon, Japan 2008.

Norsk tale.

Kort introduksjon av filmen ved Trygve Selnes Nielsen, Institutt for film og animasjon, Høgskulen i Volda.

Gratis inngang, gratis popcorn!

Aldersgrense 6 år, yngre barn kan kome i lag med foreldre.

Tid: Søndag 25. september kl. 16.

Stad: Hjørundfjord Filmteater, Sæbø.

Arrangementet er i samarbeid med Hjørundfjord Filmteater. 
 

Måndag 26. september

Forvaltning av verdenshavene - viktigere enn noen gang

Foredrag ved fagdirektør Sissel Rogne, Havforskningsinstituttet:

«Forvaltning av verdenshavene – viktigere enn noen gang».

Arrangementet er i samarbeid med Senioruniversitetet i Volda og Ørsta.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Tid: Måndag 26. september 2022 kl. 14-15.

Stad: BK 161, HVO.

 

Berte Kanutte Aarflot

Foredrag ved Reidun Aambø:

"Berte Kanutte Aarflot - salmediktar, 7-barnsmor, bonde og del av den haugianske kvinnerørsla".

Arrangementet er i samarbeid med Volda og Ørsta Kyrkjeakademi.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Tid: Måndag 26. september 2022 kl. 19.

Stad: BK 159, HVO.

Filmkveld på Studenthuset Rokken

Filmkveld.

Faglege ansvarlege for filmkvelden er Endre Eidså Larsen og Trygve Selnes Nielsen, Avdeling for mediefag. Temaet for kvelden er animasjon og havet.

Program:

19.00-19.20: Introduksjon: Animasjon får ting til å flyte (Endre Eidsaa Larsen), med to filmvisningar

19.20-20.30: Oscilloskop-animasjon (Trygve Nielsen), med ei rekke filmvisningar

20.30-21.00: Samtale med publikum (om ønskeleg frå publikum)

 

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Tid: Måndag 26. september 2022 kl. 19-22.

Stad: Studenthuset Rokken, Volda.

Biletforedrag. "Vest over hav - 1940-45". Fosnavåg, Herøy.

Biletforedrag.

«Vest over hav - 1940-45. Historier om båtar og folk, fortalt gjennom bileta til fotograf Andreas A. Berge.»

Magnar Hjertenæs, Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag, ASH. 

Tid: Måndag 26. september kl. 18.

Stad: Thon hotel, Fosnavåg, Herøy.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Arrangementet er i samarbeid med Herøy Sogelag og Herøy Kystlag.
 

Utforsking, tverrfaglegheit og berekraft i praksis. Atlanterhavsparken, Ålesund.

Seminar for lærarar: Utforsking, tverrfaglegheit og berekraft i praksis.


Målgruppe: Lærarar i vidaregåande skule.


I dette seminaret får lærarar vere med på ein vitensenteraktivitet utvikla av Atlanterhavsparken og Høgskulen i Volda. "Heile fisken - Kan vi smake oss til ei (litt) meir berekraftig framtid" er eit tverrfagleg og utforskande formidlingsopplegg der elevane får utforske ved hjelp av alle sansane. 

I seminaret får deltakarene oppleve aktiviteten i praksis, inkludert smaksprøver, og teamet bak verkstaden vil beskrive korleis dei har tenkt og arbeida for å utvikle opplegget. Dei vil òg presentere litt av forskinga knytt til prosjektet, og det vert lagt opp til samtale etterpå der ein kan dele erfaringar og idear. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Atlanterhavsparken og Høgskulen i Volda.

Faglege ansvarlege for arrangementet ved Høgskulen i Volda: Erik Fooladi, Beate Krøvel Humberset og Oda Heidi Bolstad, Institutt for realfag, HVO.

Tid: Måndag 26. september 2022 kl. 15-17.

Stad: Atlanterhavsparken, Ålesund.

Påmelding: Arrangementet er gratis. Påmelding via Atlanterhavsparken si nettside.  NB: Begrensa plass, maks 25 deltakarar (først påmeld får først plass).
 

 

Tillit for tullinger. Selskapslek, filosofi, forskning og tull om tillit.

Workshop om tillit.

Fagleg ansvarleg for arrangementetet er Stein Conradsen, Institutt for pedagogikk, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Tid: Måndag 26. september 2022 kl. 15.

Stad: Kaarstad 104.

 

Tysdag 27. september

Seminar - Norsk.no

Seminar: "Norsk.no".

"Norsk.no" er eit seminar for dei som er interesserte i norskfaglege tema. Seminaret vert arrangert under Forskingsdagane for andre gong.

Innlegga er ved tilsette i norsk i lærarutdanninga.

Det er to hovudtema på årets seminar. Det eine temaet er knytt til litteratur og sjangerdiskusjonar eller tematikk. Seminaret startar med ei drøfting av essayistisk modus og kunnskapsformidling der Havboka av Morten Strøksnes er døme (Brage Egil Herlofsen), deretter får vi høyre om sjukdom og identitet (Siri Vågene) og den taktile bildeboka (Monica Gjelsten).

Eit anna hovudtema er vurdering og tilbakemelding: Korleis vurderer ein norsk munnleg (Hjalmar Eiksund og Kristin Kibsgaard Sjøhelle), undervegsvurdering av andrespråkstekstar (Birgitte Fondevik) og tilbakemelding når elevar skriv (Pernille Fiskerstrand). Avslutningsvis vil  Wenke Mork Rogne og Siv Måseidvåg Gamlem oppsummere nokre av resultata frå Digi-Hand prosjektet. Det kan verte nokre endringar i programmet. 

Fagleg ansvarleg for seminaret er Marit Brekke, Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Tid: Tysdag 27. september 2022 kl. 09.15-13.

Stad: BK 159, HVO.

Avhandlingsforum

Innlegg ved stipendiatane Ingeborg Hedda Paulsen og Veronica Kvalen Pilskog.

Fagleg ansvarleg for avhandlingsforum er Jan Inge Sørbø, ASH.

Tid: Tysdag 27. september 2022 kl. 13.

Stad: BK 159, HVO.

 

Hei, havet! - Språkbad under Forskingsdagane 2022

Språkbad. 

Anne Marta V. Vadstein og Hildegunn Hovde frå Nynorsksenteret inviterer barnehagebarn til språkbad under årets forskingsdagar.

Det vert høgtlesing, song, ukulele og dans, med eit særleg fokus på språkstimulerande aktivitetar på nynorsk. Det nasjonale temaet for Forskingsdagane i 2022 er «Hav», og utgangspunktet for Vadstein og Hovde sitt arrangement er FoU-arbeid knytt til bruk av digitale barnebøker, skriftspråkstimulering gjennom dei estetiske faga, og rommet sitt betydning for språkleg aktivitet. Spennande for barna og inspirerande for dei vaksne!  

Tid: Tysdag 27. september 2022 kl. 10.00-10.45 / kl. 11.00-11.45 / kl. 12.30-13.15.

Stad: Høgskulen i Volda, Henrik Kaarstad-huset, rom Kaarstad 104.

Målgruppe for språkbadet: Born i alderen 3-6 år. Tilsette i barnehagar. BLU-studentar.

Arrangementet er i samarbeid med Nynorsksenteret.

Filosofisk kafe på Studenthuset Rokken

Kan havet vere eit bilete på sjølve livet? Og slik lære oss noko om livet og døden?

Studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen og studentprest Ruth Eva Sollie inviterer til samtalekafé der studentar kan møtast og få seg ein liten matbit og noko varmt i koppen, og undre seg over spørsmål og assosiasjonar rundt havet; Det livgivande og trugande, det djupe og grunne, det rolige og røffe, det kjende og ukjende – og alt i mellom. Samtalen skjer i mindre grupper, og ein får forslag til spørsmål ein kan undre seg over saman. Kom aleine eller saman med andre.

Arrangementet er gratis. Det er inga påmelding. Dørene opnar kl.18.15.

Tid: Tysdag 27. september 2022 kl.18.30-20.30.

Stad: Rokken Kafe, Studenthuset Rokken, Volda.

Lunsjarrangement i biblioteket. Samtale om boka "Fire store".

Professor Jan Inge Sørbø i samtale med biblioteksjef Mariann Schjeide om boka Fire store.

Tid: Tysdag 27. september 2022 kl. 11.30-12.15.

Stad: Biblioteket, Høgskulen i Volda.

 

Utforsking, tverrfaglegheit og berekraft i praksis. Høgskulen i Volda.

Seminar for lærarar: Utforsking, tverrfaglegheit og berekraft i praksis.

Målgruppe: Lærarar på mellom- og ungdomssteget.

I dette seminaret får lærarar vere med på ein vitensenteraktivitet utvikla av Atlanterhavsparken og Høgskulen i Volda. "Heile fisken - Kan vi smake oss til ei (litt) meir berekraftig framtid" er eit tverrfagleg og utforskande formidlingsopplegg der elevane får utforske ved hjelp av alle sansane. 

I seminaret får deltakarene oppleve aktiviteten i praksis, inkludert smaksprøver, og teamet bak verkstaden vil beskrive korleis dei har tenkt og arbeida for å utvikle opplegget. Dei vil òg presentere litt av forskinga knytt til prosjektet, og det vert lagt opp til samtale etterpå der ein kan dele erfaringar og idear. 

Faglege ansvarlege for arrangementet ved Høgskulen i Volda: Erik Fooladi, Beate Krøvel Humberset og Oda Heidi Bolstad, Institutt for realfag, HVO.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Atlanterhavsparken og Høgskulen i Volda.

Tid: Tysdag 27. september 2022 kl. 15-17.

Stad: Undervisningskjøkkenet i Henrik Kaarstad-huset, Høgskulen i Volda. Kart: Mazemap.

Påmelding:  Arrangementet er gratis. Påmelding via denne lenka NB: Begrensa plass, maks 25 deltakarar (først påmeld får først plass).

Onsdag 28. september

Onsdagskviss på Studenthuset Rokken

Onsdagskviss på Studenthuset Rokken.

Fine premiar!

Arrangementet er i samarbeid med Studentsamfunnet Volda og Studenthuset Rokken.

Tid: Onsdag 28. september 2022 kl. 20.

Stad: Studenthuset Rokken, Volda.

 

Tekst og tanke

Tekst og tanke.

Bli med og lytt til god litteratur som opnar for undring og nye perspektiv saman med andre, både gjennom teksten og samtalen etterpå. Kanskje blir du litt klokare på livet eller deg sjølv? 

Her trengst ingen førebuingar, og alle er velkomne akkurat slik dei er – både om du har lese mykje eller lite.     

Samlesing ("Shared Reading") er ein forskingsbasert metode som har som intensjon å opne litteratur for alle målgrupper. Det er ein vennleg og trygg møtestad mellom menneske og mellom menneske og litteratur. 

Les meir om korleis det går føre seg, og meld deg på her: Påmeldingslenke.

Tid: Onsdag 28. september 2022 kl. 13.30-15.30.

Stad: Masterlesesalen (BK297).

Faglege ansvarlege for arrangementet er Guro Kristin Gjøsdal (Nynorsksenteret), Lone Ellingsvåg Knutsen (studenthumanist) og Elin Gundersen (biblioteket).

 

Laurdag 1. oktober

Kyst- og kulturarv på Bjørkedalen

Boklansering av Eventyrlege vikingskip ved Frode Sætre.

Omvisning, rundreise, demonstrasjon m.m.

Samarbeidsarrangement knytt til markering av kulturminnedagane med temaet DRIVKRAFT i regi av Fortidsminneforeningen Sunnmøre lokallag og Bjørkedal kystlag/Forbundet kysten.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Tid: Laurdag 1. oktober 2022 kl. 13-17.

Stad: Bjørkedalen, Volda.