Skriftkulturar
Føremål
Høgskulen i Volda har lange tradisjonar for skriftkulturforsking, med eit særleg auge for den nynorske skriftkulturen. Forskargruppa Skriftkulturar tek utgangspunkt i denne forskingstradisjonen, og er open og inkluderande for alle som er interesserte i forsking på det skriftkulturelle feltet, og som vil delta aktivt i aktuelle prosjekt eller samarbeidstiltak. Forskargruppa har disiplinmessig breidde og femner om mediefag, samfunnsfag og humanistiske fag, samstundes som nynorsk skriftkultur står i sentrum – både direkte og indirekte gjennom ulike former for komparasjon.
Medlemer
Professor Stig Helset (leiar) *
Professor Tor Arne Haugen *
Professor Per Halse **
Førsteamanuensis Randi Neteland **
Førsteamanuensis Jade Jørgen Sandstedt *
Førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl **
Førsteamanuensis Timothy Saunders **
Høgskulelektor og stipendiat Anders Aanes *
Stipendiat Ida Marie Jegteberg *
* Teljande primærmedlemer som berre er medlemer av denne forskargruppa ved HVO
** Teljande primærmedlemer som er primærmedlem av denne forskargruppa og éi anna forskargruppe ved HVO
Eksterne medlemer: Ragnhild Anderson, Endre Brunstad, Eline Bjørke, Eli Bjørhusdal, Ingvil Brügger Budal, Jens Haugan, Fredrik Hope, Heming Gujord, Kirsti Lunde, Hege Myklebust, Britt Iren Nordeide, Margun Rauset, Magne Rogne, Briten Russdal-Hamre, Unn Røyneland, Randi Solheim, Janne Sønnesyn, Øystein Vangsnes.
Aktivitetar
Ein gong per semester skipar forskargruppa til Fagleg forum, der vitskapleg tilsette, ph.d.-kandidatar, masterstudentar og andre som forskar på emne innanfor skriftkultur, får høve til å legge fram idear eller meir eller mindre ferdige utkast til artiklar, konferanseinnlegg eller forskingsprosjekt. Alle medlemer av forskargruppa vil få innbyding til å sende inn denne typen idear eller utkast til forskargruppeleiaren, som då vil setje det opp som tema for komande møte i Fagleg forum. Dersom det er tale om meir ferdige manuskript til artiklar eller konferanseinnlegg, kan forskargruppeleiaren vidaresende manuskriptet til dei andre medlemene i forkant av neste Fagleg forum, og samstundes finne ein eigna hovudkritikar. Ved mindre ferdigutvikla idear eller uferdige utkast til artiklar eller konferanseinnlegg, kan drøftingar og tilbakemeldingar kome direkte under forumet. Det er eit viktig poeng at terskelen for å leggje fram idear eller utkast skal vere låg.
Prosjekt
Forskargruppa har etablert ein eigen vitskapleg skriftserie kalla Skriftkultur, som blir publisert på Cappelen Damm Akademisk si digitale plattform Nordic Open Access Scholarly Publishing. I løpet av dei siste tiåra har skriftkulturforsking etablert seg som eit forskingsfelt, ofte under den engelske nemninga «literacy studies». Skriftserien Skriftkultur har som mål å markere og vidareutvikle dette feltet. Skriftkultur er tverrfagleg og legg vekt på kulturorientert skriftkultur/literacy, med eit særleg auge for det komparative perspektivet, men redaksjonen tek i mot alle typar manuskript som handlar om det skriftkulturelle feltet.
Artikkelmanuskript skal sendast som vedlegg til e-post til redaksjonen. Det eine vedlegget skal vere ei anonymisert utgåve av manuskriptet i form av ei word-fil. Det andre vedlegget skal vere ei namngjeven utgåve av det same manuskriptet i form av ei pdf-fil.
Skriftkultur blir gjeve ut ein gong i året. Publiseringsspråket for skriftserien er nynorsk. Redaktørane kan etter vurdering også akseptere manuskript skrivne på bokmål, andre nordiske språk eller engelsk.
Vi føreset at innsende manuskript er utforma i samsvar med forfattarinstruksen for skriftserien.
Skriftserien praktiserer «dobbel blind» fagfellevurdering, der verken fagfellane eller forfattaren kjenner identitet til kvarandre. I tillegg blir artiklane vurderte av redaksjonen, og endeleg avgjerd om publisering blir gjort av ansvarleg redaktør.
• Les Forfattarinstruks
Skriftkultur 1/2019 Skriftkulturstudiar i ei brytingstid
Skriftkultur 2/2020 Vilkår for nynorsk mellom barn og unge
Skriftkultur 3/2021 Språk, tekst og medvit
Skriftkultur 4/2022 Form og formidling knytt til nynorsken
Skriftkultur 5/2023 Nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur. Festskrift til Geir Hjorthol
Skriftkultur 6/2024 I skriftkulturens grenseland - tidleg literacy i barnehage, fritid og skule