Retningslinjer for tildeling av FoU-pris

Pris for godt FoU-arbeid vert tildelt personar eller miljø som har gjort ein markert innsats på
FoU-område som er strategisk viktige for HVO. Ved tildeling skal det leggjast vekt på desse kriteria:
              
Enkeltperson:
                   
- FoU-arbeid med svært høg kvalitet 
- FoU-arbeid med relevans for avdelinga/eininga sine strategiske mål 
- Publisering i vitskaplege publiseringskanalar 
- Sentrale vitskaplege verv i inn- og utland 
- Innsats som miljøbyggjar 
- FoU med ekstern finansiering 
- Nasjonalt og internasjonalt samarbeid 
- Allmenn- og målretta formidling og samfunnskontakt

Fagmiljø:

- FoU-arbeid med svært høg kvalitet
- FoU-arbeid med relevans for avdelinga/eininga sine strategiske mål
- Publisering i vitskaplege publiseringskanalar
- Utviklinga i interne og eksterne ressursar til fagmiljøet (budsjett)
- Utvikling i talet på ferdige doktorgrader i fagmiljøet
- Utvikling i talet på opprykk blant personalet i fagmiljøet
- Nasjonalt og internasjonalt samarbeid
- Allmenn- og målretta formidling og samfunnskontakt
      
Prisen er på kr 30.000 til enkeltperson og kr 50.000 til fagmiljø og blir delt ut av styret for Høgskulen i Volda.
Rektor står for overrekkinga. Med prisen følgjer ein diplom med namnet på prisen, året for tildelinga og
namn på enkeltperson/fagmiljø som får prisen.
                                     
Prisen skal nyttast til tiltak som fremjar vidare arbeid og utvikling på FoU-området, til dømes studiereiser, konferansar,
miljø- og nettverksbygging eller utstyr til FoU-arbeid.  
          
Alle tilsette, studentar, formelle organ ved Høgskulen, brukarar og andre eksterne interessentar kan fremje
kandidatar til prisen.
          
Alle framlegg skal vere grunngjevne og syne kva for eigenskapar ved personen eller FoU-miljøet som bør heidrast.
Framlegga bør ta utgangspunkt i retningslinjer og vurderingskriterium, og skal sendast til styret for Høgskulen i Volda ved
høgskuledirektøren innan utgangen av april.
           
Eit utval gir den grunngjevne innstillinga si til styret innan 31. mai. Utvalet er sett saman av medlemmene i Forskingsutvalet.
Rektor er leiar av innstillingsutvalet.
          
Dersom det ikkje er kome inn forslag med god nok kvalitet, blir ikkje prisen delt ut dette året.