Forskingsdagane 2019

I 2019 vert Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda arrangert 19.- 26. september, med det nasjonale temaet "Miljø".

Ta kontakt med koordinator Geir Tangen for meir informasjon om Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

Torsdag 19. september

Seminar: Læringsmiljø, kl. 11.15-12.00

Stad: Store BK 161, HVO

Seminar om forsking på læringsmiljø i grunnskule, vidaregåande skule og høgare utdanning. Stine Margrethe Ekornes, Gunhild Nordvik Reite, Reidunn Tvergrov Øye. 
 

 

 

Fredag 20. september

FOU-prisen 2019 og opning av Forskingsdagane 2019, kl. 11.00

Stad: Biblioteket, HVO

Utdeling av Høgskulen i Volda sin FoU-pris for 2019 til Jan Inge Sørbø. Musikalsk innslag ved Øystein Salhus og Stein Helge Solstad.

 

Lese- og forteljestund for barnehagebarn, kl. 10.30, 11.30 og 13.00

Stad:Dagsturhytta, Stryn
Lesegledar Trond Strand er kjend i Sogn og Fjordane som ein allsidig formidlar av barnelitteratur, og vil lese og fortelje frå bøker om småkryp, natur og miljø. I samarbeid med Nynorsksenteret, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Stryn bibliotek.

 

 

Laurdag 21. september

12-konsert, kl. 12.00

Stad:Volda kyrkje, Volda

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda og Volda Vokal framfører eksamenskomposisjonane til årets studentar i emnet «Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikk­filosofi». Dirigent er Magnar Åm.

 

Laurdagskafe i Gamlegymnaset: Tre i natur og kultur, kl. 14.00-16.00

Stad: Laurdagskafe i Gamlegymnaset, Volda

Kafé og synfaring av trea i hagen ved Gamlegymnaset og i nærområdet. Innlegg ved Jan Håkon Vikane, Marit Brekke, Eivind Indresøvde, Håvard Haraldson Hatløy, Daniel Armitage, Kari Aslaug Hasle. I samarbeid med Volda Sogelag, Sandal Parkdrift AS, Volda Hagelag, Stiftinga Sunnmøre Museum og Stiftinga for Gamlegymnaset i Volda.

Bygdebok for Rauma, kl. 14.00

Stad: Rauma kulturhus, Åndalsnes

Foredrag ved Arnfinn Kjelland og Chris Nyborg. I samarbeid med Rauma historielag.

Søndag 22. september

Gudsteneste under Forskingsdagane, kl. 11.00

Stad: Volda kyrkje, Volda
Preike ved Per Halse.

 

Matkultur i Volda Bygdetun, kl. 13.00-16.00

Stad: Volda Bygdetun, Volda

Matkulturelle opplevingar for små og store. Kari Ryslett og Marianne Bakke Nesvold.


 

Panelsamtale: Naturen som forbruksvare, kl. 18.00

Stad: Biblioteket, HVO

Naturen som forbruksvare. Panelsamtale med filosof og forfattar Morten Fastvold og HVO-studentane Elisabeth Hjelle Halkjelsvik, David Bernatek og Brage Herdlevær. I samarbeid med Human-Etisk Forbund og Humanistisk uke.

Måndag 23. september

Mastermøte - Undervisning og læring, kl. 12.15-14.00

Stad: Store BK 161, HVO

Hanne Stokke: Stolt og pressa. Ei kvantitativ undersøking av haldningar blant nynorskelevar på Vg2 i Møre og Romsdal fylkeskommune. Lina Rebekka Kobberstad: Tilpassa opplæring og tilbakemelding i begynnaropplæringa.

 

Miljøutfordringar i ei verd i endring, kl. 14.00-15.00

Stad: Vesle BK 159, HVO

Vi ser på korleis situasjonen til bestøvarar har endra seg i nyare tid og kva utfordringar vi har i vente.
Foredrag ved Eirik Søvik. I samarbeid med Eldreuniversitetet i Volda og Ørsta.


 

Fra Sinai til Slogen: En vandring i fjellets teologi og filosofi, kl. 18.00

Stad: Volda Bygdetun, Volda

I dette foredraget blir vi med på en fjellvandring der fjellets betydning belyses, både historisk og dagsaktuelt, med både filosofiske og teologiske utsyn. Foredrag ved Knut-Willy Sæther. I samarbeid med Volda og Ørsta Kyrkjeakademi.

 

Tysdag 24. september

Seminar: Norsk NO, kl. 09.15-15.00

Stad: Vesle BK 159, HVO

Seminar om kritisk literacy i klasserommet, språkleg mangfald i klasserommet, lesing i klasserommet og skriving i klasserommet. Innlegga gir nokre innblikk i aktuelle problemstillingar i norskfaget no. Pernille Fiskerstrand, Kristin Kibsgaard Sjøhelle, Birgitte Fondevik, Inger Strand, Monica Gjelsten, Ingrid Løvik Saure, Marit Brekke, Guro Solheim og Gudrun Kløve Juuhl.

 

Avhandlingsforum, kl. 12.15-13.00

Stad: BK 158, HVO

Kommunal planlegging og integrering av innvandrarar. Foredrag ved Elisabeth Busengdal.

 

Nasjonalbiblioteket og digitaliseringen av den norske kulturarven, kl. 14.15-15.00

Stad: BK 158, HVO

Det er Nasjonalbibliotekets oppgåve å ta vare på den norske kulturarven. Foredrag ved Henrik Grue Bastiansen. 
Et innblikk i hva som holder på å skje med digitaliseringen av den norske kulturarven.


 

Fagseminar for praksislærarar, kl. 14.30–17.30

Stad: Store BK 161, HVO

Store BK 161, HVO

 

Miljøet si rolle når demens rammar, 19.00

Stad: Sanitetsstova, Halkjelsgata 16, Volda

Vi stiller spørsmålet: «Kan ein ha eit godt liv med demens? Ein sjukdom som rammar så fatalt?» Anne Sofie Egset og Øystein Salhus. I samarbeid med Volda Sanitetslag.

Onsdag 25. september

Relativitetsteorien til Einstein - 100 år, kl. 09.00-13.30, kl. 15.00-16.30

Stad: NMK/NTNU, Ålesund

Markering av 100-årsjubileet for stadfesting av Einstein sin relativitetsteori. Eit praksisdøme på tverrfagleg arbeid i grunnskulen. Elevbesøk og panelsamtale. Runa Godø Sæther, Erik Fooladi.

 

Kodeklubben, kl. 18.00-19.30

Stad: Biblioteket, HVO

Kva er programmering og kvifor ser mange dette som verdifull kunnskap? Vi leikar oss fram til svaret på dette spørsmålet i Kodeklubben. Torbjørn Frantsen. I samarbeid med Kodeklubben Volda.


 

Onsdagskviss, kl. 20.00

Stad: Studenthuset Rokken, VOLDA

Kviss med spørsmål om både forsking og andre tema. I samarbeid med Studentsamfunnet Volda og Studenthuset Rokken.
 

Torsdag 26. september

Berekraftig turisme i eit lokalt og regionalt perspektiv, kl. 19.00

Stad: Aktivitetshuset ved Småbåthamna, Vikholmen, Ulsteinvik

Foredrag ved Jørgen Amdam. Innlegg ved Berit Roppen, aksjonsleiar for «Nei til Flø som turistfyrtårn og auka trafikk langs Fløvegen». I samarbeid med Senioruniversitetet i Ulstein.

 

Visning av filmen «kvinne på krigsstien», kl. 19.30

Stad: Hjørundfjord Filmteater, Sæbø

En islandsk feelgood-film om en kvinnes kamp mot monstermastene! Introduksjon av filmen ved Helga Synnevåg Løvoll.