Haustkafé og lunsj-webinar

Laurdag 10. oktober er det Verdsdagen for psykisk helse og på Høgskulen markerar vi det med ein heil Psykisk helsemånad! 

Fredag 9. går startskotet med Haustkafé og visning av lunsj-webinar frå Stine Sofies Stiftelse (30 min). Det blir gratis lunsj, og både tilsette og studentar kan melde seg på. Påmelding er naudsynt og skjer via Tikkio

Tid: 11:45 – 12:30

Stad: Strøm 243 og 244 


Om webinaret:
Barnevernspedagog/ familieterapeut Kathrine Maløen og pedagog Harald Dean fortel om korleis det kan bli ekstra vanskeleg å fortelle andre om vonde og vanskelege hendingar dersom du veks opp med snever oppfatning av kjønn, eller kulturelle barrierer.
Til slutt deler pedagogane tips til korleis ein kan spørje barn, både generelt og når ein er uroleg for deira psykiske helse og omsorgssituasjon.
Webinaret vert vist i to rom, sendt frå Stine Sofies Stiftelse si Facebookside.

Les gjerne meir om verdensdagen for psykisk helse. 

Heile programmet for Psykisk helsemånad finn du her.

Del på: