Studiekvalitetssystem i MAGLU

Kvalitetsutval på emnenivå

Kvalitetsutvala skal vere oppretta seinast 4 veker etter semesterstart. Kvart fagutval skal ha minimum to timeplanfesta møte per 15 studiepoeng. Emneansvarleg kallar inn til og leier møta. Ein av studentrepresentantane skal skrive referat.

Kvalitetsutvala kan mellom anna ta føre seg følgjande område innafor emnet:

  • fagleg innhald
  • arbeidsmåtar og organisering
  • undervisning og rettleiing
  • kopling til praksis
  • arbeidskrav/obligatorikk
  • vurdering og eksamen
  • læringsutbytte
  • pensum
  • informasjonsflyt

Referat
Ein av studentrepresentantane skal skrive referat (mal for referat), og sender det til dei andre som deltok i møtet for godkjenning snarast råd, og seinast innan ei veke. Emneansvarleg purrar referanten om ikkje referatet vert sendt. Emneansvarleg legg godkjend referat ut i Canvas og sender det til dekan og studieleiar.
 

Kvalitetsutval på studieprogramnivå

Studiekvalitetssystemet ved HVO skildrar Kvalitetsutval også på studieprogramnivå. Her deltek tillitsvalde studentar saman med studieleiar. Slike møte skjer minimum ein gong per semster. Studieleiar kallar inn og leier møta. I forkant skal tillitsvalde studentar ha moglegheit til å ha formøte med klassen sin, i tillegg kan også dei tillitsvalde melde eigne saker.

Kvalitetsutvala skal mellom anna ta føre seg følgjande område innafor emnet (jamfør studiebarometeret):

  • Læringsmiljø
  • Medverknad
  • Inspirasjon
  • Yrkesrelevans og kopling mellom fag og praksis
  • Undervisning
  • Forventningar
  • Organisering

Referat
Ein av studentrepresentantane skal skrive referat, og sender det til dei andre som deltok i møtet for godkjenning snarast råd, og seinast innan ei veke. Studieleiar purrar studenten om referatet ikkje vert sendt. Studieleiar legg referatet ut i Canvas og sender det til dekan.

Mal for referatet:

  • Emne/dato/til stades
  • Godkjenning av innkalling og sakliste
  • Formøte/plenumsmøte i klassene gjennomført: Dato
  • Saker som er tatt opp
  • Framlegg til tiltak
  • Fagutvalet ønskjer tilbakemlding frå.... (ansvarleg) så snart som råd, og seinast innan ....
  • Referent
     

Forventningar

Å avklare forvetningar er ein viktig del av studiekvalitetssystemet og ikkje minst viktig for å få til ein god studiekultur. Studieleiar er ansvarleg for at alle involverte i utdanninga vert møtt med like forvetningar. Under finn ein nokre av forvetningane til alle som er involvert i GLU (både studentar og tilsette)

  • Ein møter presis og førebudde
  • Ein overheld fristar
  • Ein er tilstade både fysisk og psykisk / tar del i dei falgege diskusjonane
  • Mat er ikkje tillatt i undervisingslokala (drikke er lov)
  • Mobiltelefon nyttar ein ikkje i timane
  • Datamaskin og nettbrett kan brukast til fagleg aktivitet
  • Ein er ikkje på sosiale medier i timane og ein viser generelt nettvett
  • Ein ryddar opp etter seg