Studer historie i Volda!

Custom thumbnail
Historiestudent studerer kart.

Studer historie i Volda!

Tek du historiefag ved Høgskulen i Volda vil du møte eit attraktivt fagmiljø og dyktige lærarar. Du kan anten fordjupe deg i fagfelta, eller bygge på eksisterande utdanning. I 2019 lanserte vi landets første fullverdige historiebachelor på nett, og har spesialdesigna studio for nettundervisning. Studerer du historie kan du til dømes vere aktuell for jobbar innanfor formidling, skuleverket, kultur, internasjonalt arbeid, helsesektoren, media og kyrkja.
 

Vi tilbyr blant anna desse studia:

Historiestudia gir eit historisk perspektiv på det mangfaldige notidssamfunnet vårt lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Som student får ein kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid, og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid.

Gode grunnar til å studere historie i Volda: 

Kan kombinerast med kvardagslivet: Vi har eit breitt utval nettemner og fleksible studieformer som gjer at du kan tilpasse utdanninga til jobb- eller familiesituasjon. 

Dyktige fagfolk: På Historisk institutt har vi dyktige lærarar med opne dører. Studerer du i Volda, vil du oppleve at det er kort veg og opne dører til fagmiljøet.

Først i landet: I 2019 lanserte vi landets første historiebachelor på nett. 

Spesialdesigna studio: Vel du nettstudium ved Høgskulen i Volda, vil du oppleve at vi har lang erfaring og utstyret i orden. Dette er vi gode på. 

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet! Les gjerne meir om dette og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar under.