Gratis jobbsøkjarkurs

Lyst på draumejobben?

Då er kursing i alt frå søknadsskriving til intervjuteknikk ein skikkelig god start! 4. februar inviterer Høgskulen og Studentparlamentet i Volda til jobbsøkjarkurs i samarbeid med LO Møre & Romsdal og kurshaldar Kent Logan Jelle.


Tema er mellom anna:

  • Systematisk jobbsøking
  • Korleis skrive ein god og formell jobbsøknad og CV
  • Tips og triks til jobbintervjuet
  • Rettar ved tilsetting


Før kurset vert det organisasjonstorg med ulike aktørar i kantina.  Vi byr alle kursdeltakarar på ein gratis matbit. Hjarteleg velkomen til ein nyttig ettermiddag ved Høgskulen i Volda!

Tider:
14.00 - 16.00: Organisasjonstorg, kantina i Berte Kanutte-huset
16.00- 18.00: Jobbsøkjarkurs med gratis mat, store auditorium i Berte Kanutte-huset

Del på