GRS International Summer School ved HVO

Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies (GRS) kjem til Volda med sommarskule 16.–18. juni.

Høgskulen i Volda (HVO) er ein av eigarinstitusjonane for GRS saman med Universitetet i Bergen, Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet.

Sommarskulen er éi av to årlege samlingar som fungerer som både eit ph.d.-kurs og ein konferanse for nasjonale og internasjonale forskarar frå relevante fagområde.

– Førre gong HVO var vertskap for GRS-sommarskulen var i 2013, så det er kjempestas at vi no får gjere dette igjen, er den glade beskjeden frå fagmiljøet ved Institutt for musikk.

Temaet for samlinga er tverrfaglegheit, og fristen for innsending av abstract (bidrag) er 23. mars (oppdatert frist).

Les meir om sommarskulen og innsending av abstract her: https://griegresearchschool.no/courses/crossing-boundaries-and-blurring-borders/

Del på: