Gudsord og folkespråk
I år er det hundre år sidan den første bibelen på nynorsk kom ut. Den sokalla Fyrebilsbibelen fekk det tilnamnet fordi omsetjinga var meint å vere førebels. Men omsetjinga fekk eit langt liv med eit opplag på 100 000 og har vore viktig for mange forfattarar lenge etter at det kom nyare omsetjingar til nynorsk. Å få på plass ein nynorsk bibel var ei storhending i samtida og ein viktig milepåle i arbeidet for å gjere nynorsk til eit samfunnsberande språk. Historia om den første nynorskbibelen blir ekstra imponerande av di arbeidet blei leia av studentar i Studentmållaget i Oslo.
Fagdag om mindretalsspråk, bibelomsetjing og litteratur
I samband med hundreårsjubiléet inviterer Høgskulen i Volda og Dei nynorske festspela til eit fagleg seminar måndag 14. juni 2021. På seminaret skal innleiarar med ulik bakgrunn halde innlegg om Fyrebilsbibelen og tilgrensande tema. Professor Per Halse held føredrag om bibelarbeidet i Studentmållaget i Oslo mellom 1916–1921, medan professor Jan Inge Sørbø fortel om tilhøvet mellom bibelen, kyrkjespråket og nynorsklitteraturen. Den sørsamiske språkformidlaren Meerke Krihke Leine Bientie fortel om bibelomsetjing til sørsamisk, og professor Anders Aschim innleier om problem og dilemma i arbeidet med den nynorske bibelomsetjinga. Forfattar Inger Bråtveit skal snakke om røynslene sine frå då ho og andre skjønnlitterære forfattarar var med på omsetjinga av bibelutgåva som kom i 2011. Seminaret blir avslutta med ei panelsamtale mellom Anders Aschim, Jan Ove Ulstein og Inger Bråtveit om bibel, omsetjing og litteratur.
Seminaret går føre seg på Høgskulen i Volda i Berte Kanutte-huset, store auditorium kl. 0900–1600. Det blir òg mogleg å delta digitalt. Påmelding her.
Les meir om Fyrebilsbibelen.
Program
0900 Registrering, kaffe og noko lite å bite i
0915 Velkomst ved programleiar
Opningshelsingar ved rektor Johann Roppen, Høgskulen i Volda og fungerande
direktør Gaute Øvereng, Nynorsk kultursentrum
0930 Per Halse: Merkelegaste tiltaket i Studentmållaget si soge?
Bakgrunnen for og arbeidet i det studentdrivne bibelselskapet 1916 – 1921
1015 Kort pause
1030 Jan Inge Sørbø: Stille stunder og karneval. Nynorsken og kyrkjespråket
1130 Lunsj
1215 Meerke Krihke Leine Bientie: Bibeltekster på hjertespråket.
Omsetjing til sørsamisk
1315 Anders Aschim: Bibelens klare ord?
Omsetjingsproblem; døme på diskusjonar om form og innhald
1415 Kort pause
1430 Inger Bråtveit: Forfattardeltaking i bibelomsetjing
1500 Samtale om bibel, omsetjing og litteratur
Panel med Anders Aschim (samtaleleiar), Jan Ove Ulstein og Inger Bråtveit
1545 Avslutting
Med atterhald om mindre endringar.